Sport | 19. mars 2017

På tomgang gjennom NM

Ariel øver på å bruka 2/3 så mange svømmetak per distanse. På trening går det bra, i NM sat det ikkje heilt.

På tomgang gjennom NM
Ariel Braathen saman med trenaren sin i Elitesenteret, Kay Arild Paulsen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. mars 2017 20:13

Dei siste åra har Ariel Braathen, som fyller 18 år i mai, vore Noregs beste brystsvømmar.

• Les òg: Ny siger og personleg rekord til Ariel

I NM kortbane i helga blei det to 4. plassar og ein 5. plass, og svakare tider enn i NM kortbane i fjor.

Finaletidene (med personleg rekord, kortbane, i parantes):
50 meter: 32,40 og 5. plass (31,27)
100 meter: 1.09,88 og 4. plass (1.06,98)
200 meter: 2.32,06 og 4. plass (2.26,74)

– Om eg skal koma vidare internasjonalt så må eg øva inn ny teknikk på alle distansar. Dette arbeidet starta vi med i haust, etter at eg i august kom over i Elitesenteret. Det har byrja å fungera på trening, men i konkurransar er det lett for å slå over på gamal teknikk i forsøk på å ta medaljane du plar ta, seier Ariel.

Elitesenteret er i Bergen, og fungerer som landslaget og Olympiatoppen sin utstrekte arm på Vestlandet.

I trening tangerer ho eigen pers med frekvens på 40 (40 svømmetak i minuttet), mens ho tidlegare svømte med frekvens på 60.

– Det blir som gir på ein sykkel, det er tungt å auka frå 2. gir til 4. gir i starten, men farten blir høgare når du byrjar å få det til. I innsvømminga i dag hadde eg gode tider med 40 frekvens, eg svømte oppmot eigen pers med 2/3 så mange svømmetak, men i forsøk og finalar så synda eg litt og auka frekvensen.

– Det var sikkert nokre instinkt som slo inn, derfor blei det ei rotete blanding av gamal og ny frekvens, og dessverre ikkje godt nok til medalje.

Litt tøft å ikkje stå på pallen

Sjølv om ho trener hardt og målretta mot høgare internasjonalt nivå, og det å ta endå fleire NM-medaljar ikkje skal bety noko, innrømmer Ariel at det både var uvant og litt tøft å ikkje koma på pallen.

– Det kom nokre tårer, seier Ariel og ler.

– Det var kanskje mest fordi eg ikkje fekk lov av landslagssjefen å toppa. Det er ei utruleg deilig kjensle å svømma nokre sekund fortare enn kva du klarer når du ligg i hardtrening. NM blei ikkje deilig, men heldigvis har eg fleire ting å sjå fram til.

Reiser til Kypros, Sverige og Spania

Laurdag om ei lita veke reiser Ariel og landslaget på treningsleir på Kypros. I april går turen til Stockholm Open.

– Vi skal toppa inn mot Stockholm. Teknikken byrjar å sitja, og trenaren min seier det kan slå inn kor tid som helst. Akkurat no ser det ut som om eg er nærmast på 100 meter.

Nasjonaldagen skal Ariel feira i Spania, då er ho nemleg tre veker i høgdetrening i Sierra Nevada.

– Det blir ein fin og spennande vår. Eg er spesielt spent på kor disiplinert eg er i Stockholm Open, og korleis det kjennes ut om eg får full klaff med både formtopp og ny frekvens.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.