På veg inn i nytt lokale
Ei trapp og ein gamal traverskran er blant det som blir fjerna når Europris skal på eitt plan.
Bildeserie:
Arbeidet med utvidinga av Amfisenteret går som planlagt og hos Europris er det no ope inn til det nye lokalet som butikken skal inn i.
– Det har naturlegvis vore litt støy og litt støv, men eg trur ikkje byggeperioden kunne gått noko sørleg betre enn den har gjort, seier eigar av Os Lavpris AS, May-Britt Nymark Skåla.
Ny inngang og nytt lager
Europris Os har byrja å tømma andreetasjen i butikken, ein etasje dei ikkje skal bruka lenger når det nye lokalet er heilt ferdig.
Trappa skal vekk. Det same skal den gamle traverskranen som heng i taket.
– Tilbygget er større enn salsarealet i andre etasje, men vi har òg eit lager opp som forsvinn.
– Frå hausten blir det lager rett innanfor porten der kassen er i dag, så det går opp i opp når det kjem til storleik på butikken. Ny inngang og kasse blir i tilbygget.
Butikken aukar frå 1250 til 1350 kvadratmeter.
Stenger i to veker
I sommar blir butikken førebudd på siste del av ombygging, i innspurten blir det stengt ein periode.
– Onsdag 17. august blir siste opningsdag i gamlebutikken. Så blir det stengt i to veker før nyopning på eitt plan torsdag 1. september.
– Mange av kundane som er innom seier dei gler seg til vi får alt på eitt plan. Det gjer vi som jobbar her òg.
Nytt lokale i 2. etasje
Andreetasjen blir kledd inn og blir disponibelt utleigelokale for senteret, eit lokale på rundt 500 kvadratmeter.
Inngang blir frå taket på tilbygget, med tilkomst frå inngangen ved Baker Brun og opp ein ny, utvendig gangsti.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.