Landslagsplassen gjer at Kolskogen må finna seg ny klubb. Også Spangelo Haga (t.h.) kan vera på veg vekk frå Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

På veg mot 1. divisjon?

Ole Martin og Knut trener med nye klubbar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os må klara seg utan landslagsspelar (G16) Ole Martin Lekven Kolskogen neste år. Også Knut Spangelo Haga (19) trener for tida på høgare nivå.

– Det har gått fint så langt, det er kjekt å prøva seg på endå høgare nivå, seier Ole Martin til Midtsiden torsdag ettermiddag, på veg til si tredje trening med Åsane.

Han var ifølgje BA.no den einaste frå nivå fire (Os) i landslagstroppen under EM-kvalifiseringa i Serbia i oktober, men spelte to av tre kampar frå start. Sjølv synest han 3. divisjon gav passeleg matching i år, og at det er synd at han no må finna seg ny klubb.

– Veit kanskje meir om 3-4 veker

Åsane kom på 12. plass av 16 lag i OBOS-ligaen i år. Klubben har frå før to andre talentfulle spelarar frå Os, Simen Lassen og Fredrik Heggland.

Eit alternativ, om han signerer med Åsane, kan vera å bli lånt ut til ein 3. divisjonsklubb. Hordaland har som kjent ingen lag i 2. divisjon neste sesong.

– Akkurat no er det vanskeleg å veta kva som skjer, eg prøver å konsentrera meg om éin ting om gangen, å gjera det så bra som mogleg på trening med Åsane. Eg veit kanskje meir om 3-4 veker.

Ole Martin debuterte for A-laget til Os i 2016, og spelte 6 kampar. I år har det blitt 23 kampar i 3. divisjon.

Spangelo Haga i trening med Nest-Sotra

Knut Spangelo Haga kom frå Nore Neset til Os før sesongen han fylte 16 år. Det blei 14 kampar for Os 2 og 6 for A-laget.

I løpet av dei tre neste sesongane har han spelt heile 70 kampar i 3. divisjon.

– Knut er så rutinert at det er lett å gløyma at han er ein ungdom, seier lagkamerat og dagleg leiar Endre Brenne.

Han seier fleire klubbar har vore i kontakt med Os Fotball for å visa interesse for den stødige venstrebacken. Brenne har sjølv spelt han inn for Nest-Sotra.

– Han er ikkje berre talentfull, han har levert stabilt godt over tid, og har samtidig utvikla seg mykje. Han var sterk frå før, men har blitt både raskare og sterkare med åra, samtidig som han speler smart, og sjeldan gjer feil.

Torsdag hadde Knut si andre trening med Nest-Sotra, som i år sikra opprykk og comeback til OBOS-ligaen (med osingen Bjarte Haugsdal som kaptein).

– Det har vore gøy å kjenna på nivået. Kva det blir til veit eg ikkje, men eg har ambisjonar om å bli best mogleg og er glad for at eg får prøva meg, seier 19-åringen, som for tida studerer på Høgskolen i Bergen for å bli gymlærar.

Brenne meiner at Spangelo Haga har potensiale til å spela på øvste nivå.

– Det har vore ei glede å spela med både Kolskogen og Haga, det er naturleg at også Knut søker etter større utfordringar. Vi ønskjer begge lykke til med prøvespel og jakta på plass oppover i divisjonane.