Lokal | 23. jan. 2018

På veg mot Bjørnafjorden KrF

Partileiar Knut Arild Hareide møtte lokallaga i Os, Fusa og Samnanger.

På veg mot Bjørnafjorden KrF
Helge Olav Nygard frå Os (t.v.) og Bjarte Samnøy frå Fusa fekk med seg oppmuntringar frå Knut Arild Hareide. (Foto: Jakob Enerhaug, Os KrF)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. jan. 2018 08:08

Partileiar Knut Arild Hareide besøkte måndag kveld Eikelandsosen. Der var lokallaga til KrF i Samnanger, Fusa og Os inviterte til festmøte.

– Knut Arild Hareide heldt ein politisk tale der han trekte fram pleiepengar og lærarnorm som dei viktigaste sakene KrF fekk gjennomslag for i forhandlingane med regjeringa om budsjettet.

– Dette er viktige saker for KrF og er i samsvar med verdiane til partiet, seier gruppeleiar i kommunestyret for Os KrF, Jakob Enerhaug.

Skal bli eitt frå 31. mai

Det var eit stort engasjement med mange spørsmål og kommentarar frå salen. Knut Arild Hareide fekk med seg gode innspel og oppmuntringar frå partifellene i Bjørnafjord-regionen.

Etter festmøtet hadde Fusa KrF og Os KrF sine respektive årsmøte. Der vart prosessen med å skulla etablera eit nytt Bjørnafjorden KrF, og avvikla dei gamle partilaga, vedtatt.

Etter planen skal dette skje 31. mai i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.