Sport | 02. mars 2012

På veg mot nytt gull

Sverre Lunde Pedersen leier samanlagt etter dei to første distansane i junior-VM i Japan.

På veg mot nytt gull
Sverre Lunde Pedersen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. mars 2012 12:27

Osingen og Fana-løparen Sverre Lunde Pedersen er i Japan for å vinna nytt VM-gull i junior, og starten har vore svært god.

Etter 6. plass på 500 meter og ein suveren siger på 3000 meter leier han samanlagt.

– Ikkje tilfeldig

- Sverre bærer alle kjenneteikn på ein toppidrettutøvar. Måten han førebur seg på, måten han nullstiller seg og det fokuset han har, seier trenar Lasse Sætre til BT.no.

– Ingenting er tilfeldig, og han viser at det er fleire grunnar til at han er der han er. Han har vist gjennom heile sesongen at det går berre éin veg, oppover, og den vegen held det fram.

Trippel norsk

Sverre vann 3000 meter på tida 3.46,7, nesten 6 og 7 sekund framfor lagkameratane Simen Spieler Nilsen
og Kristian Reistad Fredriksen.

Laurdag ventar 1500- og 5000-meteren, søndag er det 1000 meter og lagtempo.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.