Lokal | 27. apr. 2015

På veg til Nepal

Osingen Erik Walden er ein av fire frå Hordaland som reiser til jordskjelveramma Nepal for å hjelpa.

På veg til Nepal
Erik Walden på veg om bord på flyet til Nepal måndag morgon. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. apr. 2015 06:56

Bildeserie:

Norsar rykker ut med redningspersonell, hundeførarar og hundar. (Privat foto)
Norsar rykker ut med redningspersonell, hundeførarar og hundar. (Privat foto)
1 av 1
Norsar rykker ut med redningspersonell, hundeførarar og hundar. (Privat foto)

Søndag blei Erik Walden med fleire i Norsar (Norwegian search and rescue team) bedt om å reisa til Nepal, måndag morgon gjekk flyet.

– Då var det berre til å pakka sovepose og innerklede og koma seg til Oslo, seier Erik til Midtsiden.

Norsar består av erfarne folk frå Norske Redningshunder og Oslo brann- og redningsetat (OBRE). Walden er både medlem av Norske Redningshunder og brannmann i full stilling i Bergen og i deltidsstilling i heimkommunen Os.

I går reiste han til Oslo saman med tre andre frå Hordaland, Jarle Mjånes, Alf Lund og Leif Gullstein, måndag klokka 6.30 sette dei seg på flyet saman med resten av Norsar for å fly mot Nepal.

10 dagar med søk og redning

Søndag kveld gjekk med til informasjonsmøte og klargjering.

Walden fortel at Norsar vil unngå å bruka lokale ressursar, og derfor er sjølvforsynt i 10 dagar.

– Det einaste vi treng når vi kjem fram er drivstoff og transportmiddel. Vi har med oss alt frå mat og dopapir til telt og kokeutstyr.

– Eg veit ikkje kor lenge vi blir verande, men truleg skal vi i første omgang yta ein innsats i rundt 10 dagar.

– Krevjande terreng

Det var laurdag i 12-tida lokal tid at Nepal blei ramma av det kraftigaste jordskjelvet sidan 1934.

Over 3200 er meldt omkomen etter skjelvet, som målte 7,9 i styrke og ramma minst 29 av 75 distrikt i landet.

Walden har vore på utanlandsekspedisjon før, men det var som privatperson i kano gjennom store delar av Canada i 2010. I 2011 var han i beredskap for redningsaksjon i Japan, men den gong blei det ingen tur.

– Vi veit ikkje kva som møter oss anna enn at det er farlege og krevjande terreng å jobba i, både for oss og redningshundane, seier Erik Walden til Midtsiden rett før avreise.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.