midtsiden

Påkjørt, avliva og dumpa?

– Denne har ikkje lidd ein naturleg død, seier Espen Andersen.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, november 11, 2011 - 09:07

Torsdag blei ein daud hjort funnen ved Oselvo. Hjorten låg nær sone 2, utfor skråningen ved hovudtransformatoren til Os.

Ifølgje kjentfolk som varsla Midtsiden i går ettermiddag skal det vera ein stad 100 meter lengre oppe i elva der hjort ofte kryssar.

Men viltkontakt og ettersøksmann Espen Andersen har ikkje tru på at hjorten har lidd ein naturleg død.

– Dette var ei litt merkeleg sak. Måten hjorten låg på, er éin ting. At den i tillegg har ei rift på låret kan vera teikn på at den har blitt påkjørt, seier Andersen.

Hjorten hadde også knust skalle, ein skade som Andersen meiner ikkje kan stamma frå påkjørsle.

– Det ser rett og slett ut som om den er slått ihjel med ein stein.

– Dette er spekulasjon, men eg trur hjorten er påkjørt, avliva og dumpa, seier Espen Andersen, som torsdag kveld fjerna skrotten.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11