Denne kalven døydde då den blei påkøyrd av ein bil i Åsen i natt. (Lesarbilde, foto: viltkontakt Espen Andersen)

Påkøyrd hjortekalv og mann utan lappen

Ein hjort blei påkøyrd i Åsen søndag kveld og ein mann utan førarkort blei stoppa av UP natt til måndag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Klokka 04.40 natt til måndag blei ein bilist stoppa på Lyseklostervegen.

– Ein patrulje frå UP kjente bilførar igjen, og visste at vedkomande ikkje har førarkort, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Bilførar, ein mann i 40-åra frå ein annan kommune enn Os, er meldt.

Kalv døydde på staden

I 23.30-tida søndag kveld blei ein hjort påkøyrd på Lyseklostervegen i Åsen.

Viltkontakt blei varsla og hjortekalven blei funnen død på staden.

Ingen personar blei skadd og bilen var køyrbar etter samanstøyten.