I 2015 var det tett med paraplyar i toget i Os. I år ser det no ut som om du kan klara deg utan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/pent.no)

Paraply på 17. mai? Kanskje ikkje

Sjå bildeserie av 17. mai i Os frå 2004 til 2016 - og oppdatert og forbetra vêrmelding for Os!

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Før helga var det meldt regn i Os onsdag 17. mai, men meldingane frå både Yr og Storm har dei seinare dagane blitt stadig lettare.

• Meir og 17. maifeiringa og programmet for Os og krinsane

Yr strekk seg no så langt at dei spår lettskya og sol frå formiddagen, mens Storm nøyer seg med å seia at det skal letta i 12-tida, men at det berre blir overskya.

Temperaturen og vind er dei meir samde om; 13-14 gradar og rundt 1 m/s vindstyrke.

• Sjå detaljert vêrmelding for Os på Pent.no

Vêret i Os - år for år

I bildeserien over ser du korleis vêret har vore på 17. mai i Os dei siste fem åra.

I denne bildeserien, publisert før feiringa i 2013, ser du 17. mai i Os frå 2004 til 2012.

• Her kan du sjå video frå 17. maifeiringa i 2015 og av framføringa av «Song til Os» i 2016.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Sanner vitjar gründerparken

29. mai 2017

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) kjem tysdag til Os for å møta og læra av gode gründerar.

bilde-midtsiden

Populær kulturvandring

29. mai 2017

Publikum fekk både kulturelt og historisk påfyll då festspillene vitja Os med «Nordvegen».

bilde-midtsiden

Rekordrask opptur

28. mai 2017

Det blei nye rekordar både i dame- og herreklassen i Linken Opptur søndag. Éin deltakar tok like greitt åtte (!) fjell på ein dag.

bilde-midtsiden

Vil selja Ole B

28. mai 2017

Familien Søviknes vil selja både drifta og eigedomen på Buena i Lysefjorden.