Lokal | 04. apr. 2014

Park i staden for parkering

Ny norm for leike- og uteopphaldsareal kan finansiera leikeplassar på Osøyro.

Park i staden for parkering
Parkeringa framfor rådhuset kan bli park og leikeområde når Osøyro rustast opp (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 04. apr. 2014 07:23

I samband med stads- og molegheitsanalysen Asplan Viak utarbeidde for Os kommune tidlegare i vinter såg dei for seg eit grøntdrag frå hamna til minneparket. Eit av dei større grepa i den samanhengen er å gjera om parkeringa framfor rådhuset til park/leikeområde.

Torsdag handsama plan- og bygningsutvalet framlegg til norm for leike- og uteopphaldsrom kor ei frikjøpsordning for utbyggjarar/huseigarar i sentrum, frå krava i plan- og bygningslova er bakt inn.

– Frikjøpsordninga er kanskje grei i teorien, men er det like lett i praksis. Kommunen vil få inn pengar, men er det areal nok i sentrum, undra Torill Keys (Ap).

– Ja, det har vi. Moglegheitsstudien syner at vi har masse areal vi kan knytte pengane til.

– Utfordringa er å laga eit system som gjer at vi veit at pengane frå frikjøp av eit område går til det området, svara Aina Tjosås, plan- og utviklingssjef i Os kommune.

4000 kroner kvaderatmeteren

I forslag til norm er kravet innanfor sentrumsområdet at det skal setjast av minimum 25 kvadratmeter felles leik- og uteopphaldsareal per bustadeining. Minst 15 kvadratmeter skal vere felles leike- /uteopphaldsareal på bakkeplan. I dei tilfella der bustadprosjekt ikkje disponerer tilstrekkeleg areal til å oppfylle desse krava, ser ein for seg eit unntak frå arealkravet på 15 kvadratmeter, kor utbyggjar/grunneigar kan legga heile eller delar av arealet til offentlege parkar, plassar, torg eller sjø/elveområder.

Skal utbyggjarane få gjera dette vil kommunen krevja eit bidrag på 4000 kroner kvadratmeteren, inntil 15 kvadratmeter per bueining. Totalt 60 000 kroner per eining.

– Vi veit ikkje om det vil fungera, for det har aldri vore prøvd.

– Men vi har kikka til Bodø kommune som har hatt ei tilsvarande ordning sidan 2011, forklarte Tjosås.

– Må ta moglegheiten

Tjosås trakk fram utbygginga av Midtpunkt som eit døme på prosjekt kor ordninga har vore diskutert.

– Der har vi diskutert eit frikjøp inn mot Kyrkjeflaten slik at vi kan få rusta opp parken med leikeapparater og dermed få den meir i bruk. Ikkje berre for dei som kjøper seg husvære i Midtpunkt, men av alle osingar.

– Dette er moglegheiter vi må ta for å få folk til Osøyro. Vi har ikkje nok parkering og leikeareal i dag, men eg ser for meg at vi må gjera dette om vi skal få liv på øyro, kommenterte Harald Døsen (Ap), som fekk brei støtte frå politikarkollegaene rundt bordet.

Kommunen som driftar

Ei viss skepsis kunne ein likevel spora rundt bordet. Har kommunen gode nok system for å øyremerke midla og bruka dei på rett plass?

– Planen er at det skal øyremerkast. Leikeareal har det ikkje vore samla inn pengar til før.

– Vi har til ein viss grad gjort det på parkering, men ikkje hatt god nok kontroll på pengane, innrømma Tjosås som forsikra at dette skulle administrasjonen få kontroll på.

– Eg tykkjer ideen er veldig god. Frikjøp er den eineste måten å få det til på.

– Dette er ein grei måte å få inn midler til å starta opp opparbeidinga. Vi skal heller ikkje gløyme at plassane skal vedlikehaldast også. Det blir vel ei kommunal oppgåve, oppsummerte Jonny Garvik (H), som fekk stadfesta at kommunen måtte ta eit ansvar for vedlikehaldet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.