Lokal | 01. feb. 2016

Parkering og trakk på innmark

Lesarinnlegg: – Det skal ikkje vera nødvendig av vi grunneigarar skal gå rundt og vera vaktbikkjer for vaksne folk.

Parkering og trakk på innmark
Sånn ser det ut når bilistar bruker innmark i staden for å rygga til nærmaste møteplass. (Lesarbilde, foto: Torbjørn Tøsdal)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. feb. 2016 09:25

Det er eit aukande problem med parkering og trakk på innmark ved parkeringsplassen på Tøsdal.

Det står skilt som opplyser kvar ein skal gå og at ein ikkje kan gå over innmark. Det ser imidlertid ut til at folk ikkje bryr seg om dette. Det ser ut til at det er for langt å gå frå parkeringsplassen og ca 300 meter ut til der vegen til Nordmarka startar.

Ein bruker også innmark til å passera andre møtande bilar i staden for å rygga til nærmaste møteplass. Da blir det sjåande ut som på bildet over.

Vi som grunneigarar prøver å legga til rette for parkering for friluftsaktiviteter i samarbeid med kommunen og så er det dette som møter oss.

Det skal ikkje vera nødvendig at vi som grunneigarar skal gå rundt og vera vaktbikkje for vaksne folk.

Torbjørn Tøsdal
Grunneigar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.