Næringsliv | 27. juni 2016

Partas med «motsett» perspektiv

Mens teknologien legg til rette for sentralisering utvider Partas med fleire lokale kontor.

Partas med «motsett» perspektiv
Partas flytta i vinter inn over Abo Plan og Arkitektur, der dei leiger 150 kvadratmeter kontor på brygga i Hamnevegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. juni 2016 10:11

Bildeserie:

Linda S. Eiken, Knut Haddal, Asle Andersen, Therese Johannessen og Jonn-Norvald Kuven. (Foto: KVB)
Linda S. Eiken, Knut Haddal, Asle Andersen, Therese Johannessen og Jonn-Norvald Kuven. (Foto: KVB)
– Det har faktisk berre blitt éin lunsj utandørs til no, seier Jonn-Norvald og ler. (Foto: KVB)
– Det har faktisk berre blitt éin lunsj utandørs til no, seier Jonn-Norvald og ler. (Foto: KVB)
Partas Os opplever vekst lokalt og vil truleg søkja etter folk over ferien. (Foto: KVB)
Partas Os opplever vekst lokalt og vil truleg søkja etter folk over ferien. (Foto: KVB)
1 av 3
Linda S. Eiken, Knut Haddal, Asle Andersen, Therese Johannessen og Jonn-Norvald Kuven. (Foto: KVB)
– Det har faktisk berre blitt éin lunsj utandørs til no, seier Jonn-Norvald og ler. (Foto: KVB)
Partas Os opplever vekst lokalt og vil truleg søkja etter folk over ferien. (Foto: KVB)

I 2011 blei rekneskapskontoret Partas AS etablert, som eit knopskot frå revisjonsselskapet Athelas AS i Irisgården.

Det same året blei dei leigetakar hos ein stor kunde i Industrivegen, men i november 2015 var dei tilbake i Hamnevegen, no som leigetakar i den karakteristiske glasbogen til Abo Plan og Arkitektur. Partas har i dag ti tilsette, fem av dei jobbar hos Partas Os.

– Vi fekk det etterkvart trangt i Industrivegen. Her har vi både boltreplass og fin utsikt, det gir arbeidsro med omgjevnadar som dette. Men vi har faktisk berre tatt lunsjen på brygga éin gong etter at vi flytta, seier Jonn-Norvald Kuven.

Den erfarne rekneskapsføraren, med fartstid i blant anna Osregnskap og Osøyro Regnskap, gjekk i kompaniskap med Knut Haddal og Asle Andersen i 2013.

Dei tilsette ved Partas Os, hovudkontoret til Partas, har ikkje berre fått panoramautsikt over Os hamn, dei ekspanderer med ein litt annan strategi enn fleire andre kjedar i finansnæringa.

Tre nye avdelingar

Partas utvida først med ei produksjonsstøtte-avdeling i Litauen. Dette var i 2012. I 2015 kom Partas Fana, i mai i år blei Partas Personalrådgivning etablert.

– Dette selskapet leverer tenester på tvers av alle selskapa våre, og på sjølvstendig grunnlag. Vi har ein stab med brei erfaring og kompetanse, men det blir stilt så strenge krav i dag at alle kan ikkje vera god på alt, seier Knut Haddal.

– Med Partas Personalrådgiving kan vi hjelpa firma både i enkeltsaker og i periodar med omstilling, effektivisering eller endring. Mange firma er for små til å ha eigen personalavdeling og samtidig for store til at dagleg leiar klarer å gjera denne jobben godt nok ved sidan av andre oppgåver. Prosessane kan vera vanskelege, både menneskeleg og juridisk, og det er her vi kan koma inn som ein støttespelar.

Vil halda seg tett på kunden

Mens fleire andre innan bank, forsikring og rekneskap bruker teknologiske nyvinningar til å legga ned avdelingar og sentralisera tenestene ser Partas motsett veg.

– Våre kundar er i stadig aukande grad aksjeselskap som nyttar rekneskapet aktivt som eit styringsverktøy, og det er nok innanfor denne selskapsforma fokuset vårt vil vera i åra som kjem.

– Teknologien er i rivande utvikling, stadig meir blir levert digitalt, og vi kan ha kundar som geografisk ligg langt vekke frå oss – men vi ser samtidig at kundane ofte vil ha ein rekneskapsførar som dei har sjanse til å stikka innom.

– Derfor blei Partas Fana etablert, og til hausten opnar Partas Møre, for å dekka kommunane på søre Sunnmøre, seier Knut Haddal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.