Lokal | 12. apr. 2017

Påskenøtt 5

I går gjekk vi den gamle postvegen, men kor har vi lagt turen i dag?

Påskenøtt 5
Ser du kor vi har vore på tur i dag? (foto: Camilla Hamre)
Andris Hamreonsdag 12. apr. 2017 07:25

Kvar dag gjennom påsken vil vi, som ein liten hyllest til Os Turlag, som fyller 30 år i år, og i samarbeid med Er-An Veikro, visa bilde frå eit turterreng i Os.

Ser du kvar bildet er tatt, eller vil du tippa?

Send forslaget ditt til tips@midtsiden.no

(For å vera med i konkurransen må du senda epost, det held IKKJE å kommentera på saka eller på Facebook.)

Vinn billettar til Elvis-show!

Alle som i løpet av påsken får minst tre rette svar er med i trekninga av to billettar til Elvis Show på Er-An Veikro laurdag 6. mai (verdi 2 x 300 kroner).

På showet er det offisiell opning av venterommet som er under bygging og avduking av ein stor Elvis-figur.

Kvelden blir feira i telt bak restauranten, der det er konsert med Kjell Elvis, Twang Gang, Vossa Rebels og Jan Haaland med band (Nils Midtseter, Steinar Lyssand og Olav Skorpen).

Rett svar i går: Den stavangerske postvej

Den fjerde påskenøtta var kanskje litt vanskeleg for mange, men ikkje uventa sendte mange frå Søfteland rett svar på tips@midtsiden.no.

Rett svar var nemleg den gamle postvegen ved Gåsakilen, ikkje Raudlio, som også kom inn som forslag.

Nokre av dei lokalkjende innsendarane kom med skildringar av området, og lokalt namn på staden; Gamleveiskogen.

«Postveiene, landverts postruter fra Bergen til Stavanger, Christiania og Trondheim, opprettet etter innføringen av postvesenet i Norge 1647. Rutene til Stavanger og Trondheim ble først regelmessige fra 1786. Stykkevis er de gamle postveiene fremdeles synlige i terrenget.

Etter omleggingen av Christianiaveien 1783 var den felles for rutene til Stavanger og Christiania over Kalfaret og Kalvedalen til Haukeland, der steinkloppen over bekken i Christieparken i Fridalen er den eldste eksisterende bro i Bergen og en parsell av veien. Derfra gikk «Den stavangerske Postvej» gjennom Sanddalen til Midtun, over Ulsmåg til Birkeland, videre over Vallaheiene, Hatlestad, Sandven, Kalandseid og Søfteland sørover gjennom Os.», skriv Bergen Byarkiv om postvegen på sine nettsider.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.