Sport | 13. apr. 2017

Påskenøtt 6

Kva var rett svar i går - og kvar er dette turbildet tatt?

Påskenøtt 6
Ser du kva område vi har vore på tur i då vi tok dette bildet? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. apr. 2017 07:05

Kvar dag gjennom påsken vil vi, som ein liten hyllest til Os Turlag, som fyller 30 år i år, og i samarbeid med Er-An Veikro, visa bilde frå eit turterreng i Os.

Ser du kvar bildet er tatt, eller vil du tippa?

Send forslaget ditt til tips@midtsiden.no

Svarfrist: Du kan senda forslag fram til vi har lagt ut neste nøtt (og fasit på denne), om cirka eit døgn.

(For å vera med i konkurransen må du senda epost. Vi ber deg om IKKJE å kommentera på saka eller på Facebook med rett svar. Desse svara blir ikkje rekna med som gjeldande).

Vinn billettar til Elvis-show!

Alle som i løpet av påsken får minst tre rette svar er med i trekninga av to billettar til Elvis Show på Er-An Veikro laurdag 6. mai (verdi 2 x 300 kroner).

På showet er det offisiell opning av venterommet som er under bygging og avduking av ein stor Elvis-figur med ei litt spesiell historie bak seg.

Kvelden blir feira i telt bak restauranten, der det er konsert med Kjell Elvis, Twang Gang, Vossa Rebels og Jan Haaland med band (Nils Midtseter, Steinar Lyssand og Olav Skorpen).

Rett svar i går: Det historiske tunet på Lyngheim

Den femte påskenøtta var tydelegvis enkel å knekke, vi fekk 50 svar og dei fleste var rett.

Vi godkjenner både Lyngheim og Steinneset (men ikkje Raudlio), fleire hadde òg lagt til at det er den restaurerte lemstova frå Tveit vi ser på bildet.

Visste du at Os kommune i vinter har bygd ein liten klatrepark på nabotomta til Det historiske tunet, og at denne står klar til bruk?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.