Lokal | 14. apr. 2017

Påskenøtt 7

Kvar var vi då vi tok dette bildet - og kvar står betongbenken som vi hadde bilde av i gårsdagens nøtt?

Påskenøtt 7
Kva fjelltopp i Os var vi på veg ned frå då vi tok dette bildet av vinter-solnedgang? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. apr. 2017 07:15

Kvar dag gjennom påsken vil vi, som ein liten hyllest til Os Turlag, som fyller 30 år i år, og i samarbeid med Er-An Veikro, visa bilde frå eit turterreng i Os.

Ser du kvar vi har vore på tur då vi tok dette utsiktsbildet i solnedgang?

Send forslaget ditt til tips@midtsiden.no

Svarfrist: Du kan senda forslag fram til vi har lagt ut neste nøtt (og fasit på denne), om cirka eit døgn.

(For å vera med i konkurransen må du senda epost. Vi ber deg om IKKJE å kommentera på saka eller på Facebook med rett svar. Desse svara blir ikkje rekna med som gjeldande).

Vinn billettar til Elvis-show!

Alle som i løpet av påsken får minst tre rette svar er med i trekninga av to billettar til Elvis Show på Er-An Veikro laurdag 6. mai (verdi 2 x 300 kroner).

På showet er det offisiell opning av venterommet som er under bygging og avduking av ein stor Elvis-figur med ei litt spesiell historie bak seg.

Kvelden blir feira i telt bak restauranten, der det er konsert med Kjell Elvis, Twang Gang, Vossa Rebels og Jan Haaland med band (Nils Midtseter, Steinar Lyssand og Olav Skorpen).

Rett svar i går: Kobbavågen

Den sjette påskenøtta var ikkje enkel. Mot 50 svar og nesten alle rett onsdag fekk vi torsdag 24 svar og fleire forslag som ikkje stemte.

Benken, som eit par innsendarar visste namnet på (Ja-benken, mens Nei-benken står nede ved eine fjøra i Kobbavågen), står langs stien mellom Skitnevågen (som du kryssar når du går over Pihlabruo) og Kobbavågen i Søre Øyane.

Kobbavågen og «mellom Kobbavågen og snuplassen» blir godkjent, mens dei som tippa Lysøya, Katlaberget, Liafjellet og stien mellom Lønningdal og Svinningen, tok feil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.