Lokal | 15. apr. 2017

Påskenøtt 8

Berre 1 av 29 svarte rett i går. Ser du kvar dagens bilde er tatt?

Påskenøtt 8
På veg til eit kjent og mykje brukt fjell i Os, i låglandet før ei bratt løype mot toppen, som òg har vore brukt til konkurranse. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. apr. 2017 07:33

Kvar dag gjennom påsken vil vi, som ein liten hyllest til Os Turlag, som fyller 30 år i år, og i samarbeid med Er-An Veikro, visa bilde frå eit turterreng i Os.

Kva fjell er vi på veg til på dette bildet?

Bildet er tatt i låglandet, før ei bratt stiging til ein populær topp du kan nå frå fleire sider av fjellet.

Send forslaget ditt til tips@midtsiden.no

Svarfrist: Du kan senda forslag fram til vi har lagt ut neste nøtt (og fasit på denne), om cirka eit døgn.

(For å vera med i konkurransen må du senda epost. Vi ber deg om IKKJE å kommentera på saka eller på Facebook med rett svar. Desse svara blir ikkje rekna med som gjeldande).

Vinn billettar til Elvis-show!

Alle som i løpet av påsken får minst tre rette svar er med i trekninga av to billettar til Elvis Show på Er-An Veikro laurdag 6. mai (verdi 2 x 300 kroner).

På showet er det offisiell opning av venterommet som er under bygging og avduking av ein stor Elvis-figur med ei litt spesiell historie bak seg.

Kvelden blir feira i telt bak restauranten, der det er konsert med Kjell Elvis, Twang Gang, Vossa Rebels og Jan Haaland med band (Nils Midtseter, Steinar Lyssand og Olav Skorpen).

Rett svar i går: Linken/Tøsdalsfjellet

Den sjuande påskenøtta viste seg å vera den vanskelegaste til no, trass auka aktivitet og oppstart av eige motbakkeløp «Linken Opptur» til denne destinasjonen i fjor.

Vi fekk inn ei grei mengde med svar, 29, men berre éin svarte rett; «Linken»!

På starten av nedstiginga får du utsikt over Korsfjorden, går du om vinteren får du solnedgang over Klokkarvik i Sund kommune.

Vi ville naturlegvis òg godkjent Tøsdalsfjellet, som har same nedstiging, men dei andre forslaga var stort sett Høglikampen, Vardafjellet (mellom Høglikampen og Ulvenfjellet) og Lyshorn.

PS! Årets «Linken Opptur» går av stabelen søndag 28. mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.