Kultur | 11. sep. 2014

– Passar for alle

Lars Kolstad sine familietrommesirklar er så populære at foreldre har møtt opp aleine for å tromme når borna deira har vore i bursdag.

– Passar for alle
Lars Kolstad (privat foto)
Kari M. Lyssandtorsdag 11. sep. 2014 14:44

Sundag er det første runde med familietrommesirkel i Oseana som skal halda fram ein sundag i månaden. Her kan ein møte opp aleine eller med familien. Det er 30 plassar på kvart arrangement, så her gjeld det å vera tidleg ute.

– Trommesirkel er for alle, og musikken blir til i augeblikket som ei rytmisk samtale, så kvar sirkel er unik, fortel Lars Kolstad som står bak trommesirkelen.

I 10 år har han hatt trommesirkel i Fana Kulturhus ein laurdag i månaden og no startar han trommesirkel i Os.

– I Fana har det fungert veldig bra, og det kjem ungdomar bort til meg som fortel at dei hugsar godt då dei var yngre og var med.

Besteforeldre hekta

Kolstad fortel at det ofte er familiar med born frå 2 - 8 år, men at det og er både yngre og eldre born og vaksne som er har det kjekt med rytmene.

– Foreldre har kome sjølv om ungane ikkje kunne vera med, og besteforeldre som har følgt borneborna sine har motvillig blitt med og er blitt heilt hekta, fortel Kolstad.

I ein trommesirkel driv ein med rytmetrening og samspel og Kolstad seier at alle mennesker har i seg det som skal til for å bli med.

– Det fine med trommer og perkusjon er at det er så lett å få lyd i, med andre instrumenter så faller mange frå før dei har meistra instrumentet.

Umogleg å spele feil

Kolstad er spent på det første arrangementet i Oseana, og gleder seg veldig.

– Det er eit veldig fint kulturhus med god lyd, så det kjem til å bli kjempekjekt.

– Trommesirkel er ein fin måte å gjer noko saman på på like premissar, her er det umogleg å spele feil, seier Kolstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.