Lokal | 18. juli 2017

Passerte 100 millionar

Ståle frå Os med ruvande utstilling i Våge hamn.

Passerte 100 millionar
Ståle Daae Børnes og Snorre Nilsen frå Bergen Marinesenter i ein av båtane i årets utstilling under Tysnesfest. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. juli 2017 07:29

Ståle Daae Børnes selte båt til Molde mens han med selskapet sitt, Bergen Marinesenter AS, hadde si årlege store utstilling i brygga under Tysnesfest.

– Dei ringte torsdag morgon og hadde sett ein av båtane eg har annonsert på nett. Eg har ikkje snakka med dei tidlegare, men inviterte dei til Våge og dei sette seg rett på flyet.

Kundane rakk flyet, men ikkje ferja. Ståla arrangerte med henting på Halhjem, kundane fekk sjå båten - så blei det heilaftan på Tysnes.

– Eg fylte kjøleskapet i båten dei ville ha og spanderte festivalpass, overnattingsplass blei i båten dei var interesserte i, ein Princess V42. Fredag måtte dei heim, då la dei frå land med nykjøpt båt for å rekka Moldejazz.

Den selte båten blei erstatta av ein annan i utvalet, og utstillinga var oppe i 10 båtar igjen.

– Det kan sjå ut som om det gjekk opptil fire båtar på messa. Vi har tre andre interessentar, nokre av dei skal prøvekøyra båt denne veka.

Rekordgodt båtsal

I fjor fortalte vi om korleis den tidlegare maskinisten Daae Børnes slo seg opp på mekling av bruktbåtar etter finanskrisa i 2008.

• Les òg: Selte fiskeskøyta til Lothepus

Årleg meklar han båtar til ein verdi på rundt 100 millionar kroner, noko som har gjeve firmaet hans ein omsetnad på 11-29 millionar i året.

– I år har det vore endå meir fart i marknaden, både med folk som vil vi skal selja båt for dei og med omsetnaden.

I mai blei det selt 15 store bruktbåtar, i juni 19.

– Juli starta også svært bra. Veka før Tysnesfest selte vi fire båtar på éin dag, dei to største var ein Princess 62 til 9 millionar og ein Princess 58 til rundt 6 millionar kroner.

To av båtane gjekk til to bryggenaboar i Oslo, som ikkje kjente til båtkjøp-planane til kvarandre før begge var i marinaen i Oslo og gjorde klart for mottak av ny båt. Då dei kom i prat viste det seg at begge skulle til Bergen, same dag, for å kjøpa båt av Ståle.

– Salet denne dagen gjorde at vi passerte 100 millionar i omsett verdi allereie før vi stilte ut på Tysnesfest. Sjølv om dette er meklaromsetnad, og ikkje heile omsetnaden er firmaet sin, gler det oss å passera det vi plar ligga på i året allereie før ferien. Både sommarferien og hausten plar nemleg òg å vera ei god tid for omsetjing av store båtar.

No går turen på «ferie» til Sørlandet, for testkøyring av nytt salsobjekt og for å vera tett på ein stor del av marknaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.