Lokal | 17. des. 2014

Peparkakeprakt på Lurane

Bildeserie: Ein blir aldri for gamal til å baka peparkakehus. Onsdag konkurrerte seks praktverk om å bli kåra til årets peparkakehus på Luranetunet.

Peparkakeprakt på Lurane
Jurymedlemma hadde eit vanskeleg val, men falt ned på Os Privatbank og Os kyrkja som vinnar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 17. des. 2014 15:22

Bildeserie:

Vinnarbidraget (foto: AH)
Vinnarbidraget (foto: AH)
Vinnarane blei buavdelinga i andre høgda på Luranetunet (foto: AH)
Vinnarane blei buavdelinga i andre høgda på Luranetunet (foto: AH)
Desse hadde tre ess i ermet (foto: AH)
Desse hadde tre ess i ermet (foto: AH)
nemleg bilete av Terje Søviknes... (foto: AH)
nemleg bilete av Terje Søviknes... (foto: AH)
...Hans Leganger Hansen... (foto: AH)
...Hans Leganger Hansen... (foto: AH)
...og Nils-Petter Borge bakt inn i byggverket. Men det var ikkje nok til å vinna (foto: AH)
...og Nils-Petter Borge bakt inn i byggverket. Men det var ikkje nok til å vinna (foto: AH)
Ei trivleg stue (foto: AH)
Ei trivleg stue (foto: AH)
Ei julestemt kyrkje (foto: AH)
Ei julestemt kyrkje (foto: AH)
og nissejenta som gler seg til jul (foto: AH)
og nissejenta som gler seg til jul (foto: AH)
Mykje flid og innsats var lagt ned i bygga (foto: AH)
Mykje flid og innsats var lagt ned i bygga (foto: AH)
1 av 10
Vinnarbidraget (foto: AH)
Vinnarane blei buavdelinga i andre høgda på Luranetunet (foto: AH)
Desse hadde tre ess i ermet (foto: AH)
nemleg bilete av Terje Søviknes... (foto: AH)
...Hans Leganger Hansen... (foto: AH)
...og Nils-Petter Borge bakt inn i byggverket. Men det var ikkje nok til å vinna (foto: AH)
Ei trivleg stue (foto: AH)
Ei julestemt kyrkje (foto: AH)
og nissejenta som gler seg til jul (foto: AH)
Mykje flid og innsats var lagt ned i bygga (foto: AH)

Ressursgruppa "Glød" på Luranetunet består av bebuarrepresentant, ansattrepresentant og representantar for dei frivillige. Oppgåva deira er å taka vare på den gløden som finst på huset.

– Det skjer så mykje godt her som vi må ta vare på, fortel aktivitetskoordinator Grete Byrkjeland.

Oppunder jul kom det ein kommentar om at det var kjekt å få laga ting sjølv og om ikkje ein kunne freista å få til det.

Dermed blei ideen om å laga ei bakekonkurranse mellom dei seks avdelingane skipa. Oppgåva var å baka peparkakehus.

Onsdag blei vinnaren kåra av juryen beståande av ordførar Terje Søviknes, "helseminister" Nils-Petter Borge og tilsynslege Hans Leganger Hansen.

Fire av avdelingane stilte med totalt seks bakverk, nøye forseg gjort og med mykje godsaker som pynt.

Tøff juryoppgåve

Dei tre jurymedlemma, eller som dei i denne samanhengen blei kalla - dei tre vise menn, fekk ei tøff oppgåve med å plukka ut vinnarbidraget.

– Det blei ein einstemmig jury, men ikkje uten tøffe forhandlingar og prøvevotering, forklarte ordføraren då vinnaren skulle kårast.

– Dette er eit flott inititativ og starten på noko eg håpar kan bli ein tradisjon.

– Til neste år får vi kanskje ein modell av Luranetunet, med utbygging og det heile, håpa Søviknes.

Bank og kyrkje

Vinnaren blei buavdelinga i andre høgda, med ein modell av Os Privatbank og Os kyrkje. Det hjalp ikkje å freista å smiska seg inn på jurymedlemmane ved å bruke bileter av dei på innsida av dørane, slik eitt av dei andre bidraga hadde prøvd seg på.

– Her har de fått med to sentrale bygg på Os.

– I tillegg har de òg fått med de livet på øyro med mennskja rundt, roste Søviknes.

Hus med makt

– Dette er to hus med makt, kvar på sin måte.

– Kyrkja med tro, tvil og håp, banken med ein økonomisk makt.

– Båe stadene plasser som menneskja vandrar til og som vi kanskje kan føla oss små på, fortale Hildur Flint på vegne av vinnarane før ho overrekte ei gåve til Søviknes og Borge.

– Vi høyrer rykter om at de skal bygga ut her oppe, så her har de litt pengar å starte med, smilte Flint då ho gav dei sjokolade- og marsipanpengar frå byggverket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.