F.v.: Aspenes, Skaatun, Skotheim, Askvik og Døsen. I utvalet, men ikkje på bildet; Sinclair. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Plan for Os hamn - i tre trinn

Sjå lista over forslag til tiltak: Hamneutvalet i Os kommune hadde sitt siste møte i dag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Adhocutvalet for Os hamn, som frå våren 2017 har jobba med innspel til Os kommune sin sentrumsplan, runda i dag av med siste møte og middag på Havnechefen.

– Forslaga i utkastet blei vedtatt med små justeringar, seier leiar Ståle Skaatun (H).

Med seg i utvalet har han hatt: Næringssjef Daniel Skotheim, plansjef Tina Kvammen M. Sinclair, Harald Døsen (Ap), Espen Aspenes (Frp) og representant for det private næringslivet, Askeladden-sjef Henrik Askvik.

• Les òg: Hamneutvalet på studietur (juli 2017)

Oppdraget har vore å koma med innspel til drift, organisering og tilpassingar for å gjera Os hamn meir attraktiv for både gjestar og innbyggarar.

Utvalet kjem med ein serie forslag om konkrete tiltak. Desse skal leggast fram for Os formannskap for vidare innlemming i sentrumsplanen.

«Dei to viktigaste punkta, som treng ordførar og rådmann si fulle merksemd, er bølgedemping/skjerming av hamna og overtaking av Esso-tomta» skriv utvalet i starten på si innstilling.

Tiltaka er vidare sortert i tre kategoriar:

1. Det som bør skje straks, innan 0-3 år.
2. Tiltak som bør gjennomførast innan 0-5 år.
3. Tiltak som bør inn på sikt, innan 5-10 år.

Her er nokre av punkta, sortert etter kor mykje dei hastar:

Kortsiktig plan, i løpet av 1 år:
• Digitalisering av handtering av gjestetrafikken, administrasjonen blir anbefalt å gå i dialog med GO Marina om dette.
• Set av midlar til vedlikehald av gjestebrygge, engasjer ein eigen hamnesjef. I 2016 var inntektene for hamna 660.000 kroner.
• Marknadsføring av hamna, montering av webkamera over og under vatn, dialog med næringsliv om satsing og aktivitet retta mot hamna.
• Etablering av midlertidige aktivitetstilbod, leikeplassar, beachvolleyball og liknande.

Mellomplan, 0-5 år
• Overtaking av Esso-tomta for bustad- og næringsutvikling. Dette er avgjerande, meiner utvalet.
• Etablering av flytande bunkringsstasjon som erstatning for Esso-stasjonen.
• Fullføra prosjektet med bølgedemping.
• Utviding av Oselvarverkstaden. Kommunen bør kjøpa nabotomtene.
• Gje namnet «Oselvarparken» til området frå brua til og med Oselvarnaustet.
• Sørgja for at oselvaren får ein tydelegare plass i marknadsføringa av Os
• Prøva å finna alternativ næringskai.
• Bygga eit nytt servicebygg for gjestar.
• Jobba for å oppretthalda ruta Bergen-Flesland-Os-Rosendal

Langsiktig, 5-10 år
• Omstrukturering - utvikling av sjøkanten frå brua til hurtigbåtkaien, etablering av bu- og næringsareal og etablering av fleire båtplassar for både dagsbesøk og lengre opphald.
• Struktur på hamneområdet (viser til kart som Midtsiden ikkje har fått justert versjon av)