Lokal | 22. juni 2017

Planane forsvann i kvikkleira

Byggjeplanane på Opplysningsvesenet si tomt i Osstølen (Sveo) må gjerast om etter at 8 meter djup kvikkleire satte ein effektiv stoppar for dei.

Planane forsvann i kvikkleira
Slik illustrerer Link Arkitektur dei nye husa for Clement Eiendom (ill. frå planomtalen)
Andris Hamretorsdag 22. juni 2017 13:18

Bildeserie:

Gamal og ny plassering av husa
Gamal og ny plassering av husa
Omlag som dette kan området bli sjåande ut
Omlag som dette kan området bli sjåande ut
Den nye planen satsar på rekkehus i staden for lågblokker
Den nye planen satsar på rekkehus i staden for lågblokker
1 av 3
Gamal og ny plassering av husa
Omlag som dette kan området bli sjåande ut
Den nye planen satsar på rekkehus i staden for lågblokker

I 2013 godkjende Os kommune reguleringsplanen for Osstølen/Sveo etter fleire runder i det politiske miljøet då politikarane ønskja meir fortau enn det utbyggjarane og administrasjonen hadde lagt inn.

Reguleringsplanen er eit samarbeid mellom Clemens Eiendom (Opplysningsvesenets Fond sitt eigedomsselskap, journ.mrk), Block Watne og eitt av selskapa til Bjørn Døsen.

I 2016 leverte Block Watne, og fekk godkjent, ei mindre reguleringsendring for sin del av området for å få betre lysforhold og betre veg og fortau. Då sa Arild Halseth frå Block Watne at dei trengde å komma i gang. Men etter det har det stått stille.

Fann åtte meter kvikkleire

Torsdag var det Clemens Eigedom sin tur til å levera inn ei reguleringsendring på sin del av området.

– Vi har 41% av arealet. Då den opprinnelege planen blei vedteken var det ikkje gjort grunnundersøkingar. Det fekk vi først gjort då vi avskoga området. Døsen og Block Watne sine områder har fast grunn, medan vi hamna på kvikkleire. Det problematiske er at det kan rasa ut i Oselvo om vi byrjer bygginga, fortale prosjektleiar Roar Otto Andersen frå Clemens Eiendom.

Blir flytande

Andersen fortalde at ein teoretisk sett kunne ha masseutskifta området kor det var funnen kvikkleire ned til 8 meter, men at også det ville by på store utfordringar.

– Som seriøs utbyggjar kunne vi ikkje starte bygging slik området var. Ein kunne køyre den ut på lastebil, men det ville vera ein fare for at den blei flytande på bilen. Det er heller ingen som vil ta imot ei slik masse.

– Difor måtte vi gje tilbakemelding til dei andre partnarane at vi ikkje kunne starte dette. Det er inga seriøs utbygger som set i gang når ein veit ein taper penger.

Stopper dei to andre

Utfordring med massane gjer også at dei to andre utbyggjerane ikkje kjem i gang.

– Vårt bidrag til infrastrukturen i området er på 40%, om Døsen og Block Watne skulle byggje ut og ta heile kostnaden, så ville deira områder også bli totalt ulønsomme.

– Vi byrja difor å sjå på om det var byggbare områder innan vår tomt for å redde prosjektet for alle partane. Moglegheitsstudien konkluderer at det er tilfredsstillande i nord-austre delen av tomta, forklarte Andersen.

Reduserer frå 67 til 60

I den nye reguleringsplanen som no blir sendt ut på 1. gangs høyring har Clemens Eiendom redusert tale bueiningar frå 67 til 60.

– Det er litt dårlegare utnytting, en akseptabelt for oss. Vi meiner det vil gje eit meir positivt og godt beliggande buområde for dei som skal busetta seg her.

– I tillegg forlenger vi grøntstrukturen frå Osmarka inn i området.

– Bebyggelsen kjem no nærare Osmarka enn tidlegare. Det er noko vi heile tida har vore opptekne av, at ein ikkje må komma for nært, men eg ser også problematikken med kvikkleira. Eg går ut frå at den nye planen ikkje er verre enn den forrige med omsyn til naboar og soltilhøve, kommenterte Harald Døsen (Ap).

– Bygga vil ligga mykje lågare en naboane. Det påvirkar difor dei verken med tanke på utsikt eller soltilhøve, svara Andersen.

Plan- og bygningsutvalet godkjende at planen blei lagt ut til offentleg ettersyn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.