Lokal | 11. sep. 2014

Plansmie for auka medverknad

Korleis sikra styring i arealutvikling? Korleis sikra involvering frå osingane? Kan plansmie vera eit hensiktsmessig verkemiddel?

Plansmie for auka medverknad
Erling Okkenhaug i dialog med nokre av deltakarane på plansmia (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 11. sep. 2014 11:33

Bildeserie:

Intensjonane oppsummert på gule lappar (foto: AH)
Intensjonane oppsummert på gule lappar (foto: AH)
Absoluttane oppsummert (foto: AH)
Absoluttane oppsummert (foto: AH)
Prosessane oppsummert (foto: AH)
Prosessane oppsummert (foto: AH)
1 av 3
Intensjonane oppsummert på gule lappar (foto: AH)
Absoluttane oppsummert (foto: AH)
Prosessane oppsummert (foto: AH)

Onsdag held Erling Okkenhaug ei miniplansmie i samband med folkemøtet om utviklinga av Os. Eit tjuetals personar frå fleire politiske parti, men òg einskilde personar stilte opp for å dela sine tankar om framtida.

– Det er for lite medverknad og engasjement blant befolkninga. Det er de som skal vera oppdragsgivarar for politikarane de har vald inn, ikkje utbyggarane.

– Plansmier er ein metode vi har nytta fleire stader rundt i landet, mellomanna i Aure, Rakkestad og Brokelandsheia.

– Oppdragsgivarane har vore både kommunane og grunneigarar, som har hatt ein ønskje om å gjera så rette val som mogleg og å stemma av sine idear med folket, forklarte Okkenhaug innleiingsvis.

Intensjonar, absolutter og prosessar

Oppgåva deltakarane fekk var kanskje vanskeleg å gripa fatt i på eit miniseminar på berre to timar, men dei gule lappane blei mange.

– Vanlegvis kjøyrer vi desse plansmiene over minst fire dagar og har med arkitektar som kan illustrera ideeane og tankane fortløpande.

– Det er gjerne òg ei styringsgruppe som er oppnevnt frå politisk hald, som tek fortløpande beslutningar etterkvart som prosessen stig fram.

– Oppgåva i dag har eg delt i tre.

– Kva er intensjonen for Osøyro og krinsane. Kva fortener Os, kva er dei spesielle kvalitetane og kva treng Os av innhald, verksemder, næring, bustader, kultur, torg, landsbysentrum og fellesskapsfunksjonar.

– Kva er absoluttane, eller minimumskrava når det kjem til utforming. Hva tåler Os? Kva retningsliner bør vera ufravikelege i Os når det kjem til visuelle grep som formater, skal, arkitektur, materialbruk, farger, fortetting og heilskapande verkemiddel.

– Det siste er sjølve prosessen. Korleis skal ein jobba for å nå måla med intensjonane og absoluttane. Korleis kan folk flest bidra. Korleis kan ein organisera det med plansmier, arkitektkonkurranser, ressursmiljøer, og ikkje minst, korleis sikrar vi at reguleringsbestemmelsane blir respektert.

– Skriv det de seier

Litt vanskeleg var det nok å få ned på dei gule lappane det diskusjonane gjekk rundt bordet.

– De skal ikkje begrunna eller skriva ein lang avhandling.

– Skriv korte stikkord, skriv det dei snakkar om, oppmoda Okkenhaug.

Etterkvart byrja orda å forma seg og det kom fram fleire fellesnemnarar: Politikarane må vera tru mot dei planane som blir lagt, ikkje gje dispensasjonar i hytt og pine, involvera innbyggjarene meir og ikkje fatta beslutningane på bakrommet for lukka dører.

Inspirert av prins Charles

Modellen og stikkorda har Okkenhaug fått inspirasjon frå Prins Charles til.

– Han er utruleg engasjert i stadsutvikling i England og har skrive ei bok på slutten av 80-talet, som på mange måtar er sjølve bibelen.

– Der kjem han mellomanna med "sjekklister" over ting ein bør tenka på når ein skal utvikla eit lokalsamfunn.

– Han er ikkje berre populær blant arkitektane i England. Mellomanna har han sagt i eit foredrag at dei har øydelagt meir enn det tyskerane klarte då dei bomba England under andre verdskrig.

– Eg håper at det er krefter i Os som vil ta intitiativet til å vidareføra det arbeide deltakarane her fekk ein liten smakebit på.

– Dialog er ein nøkkel og er ein ueinig så må det framførast med gode argument. Ein må vera dyktig på informasjonsinnsamling og å bruka den på best mogleg måte.

– Det å presentere alternative løysningar til det utbyggarane har kome med, er ei metode vi har nytta oss ofte av, forklarte Okkenhaug avslutningsvis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.