Lokal | 21. sep. 2017

Pleiepengar til fleire

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.

Pleiepengar til fleire
Laila Reiertsen gler seg over regjeringa si nye utviding av ordninga med pleiepengar. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. sep. 2017 07:52

Lesarinnlegg:

Det at ein opplever at det kjæraste ein har vert alvorleg sjuk gjer heile familiesituasjonen vanskeleg. Det at ein då har eit godt offentleg sikkerheitsnett er viktig.

Med den nye ordninga får endå fleire familiar pleiepengar. Retten til pleiepangar har vore til stor diskusjon då fleire opplevde ordninga som urettvis og uforutsigbart. Retten til pleiepangar vert, som før, ei midlertidig inntektserstatning for yrkesaktive som må være vekke frå arbeid for å pleia sjuke born.

Ordninga vert no utvida betydeleg.

Mange fleire familiar vil etter den nye ordninga få rett til pleiepengar. Regelverket vert òg enklare. I dag er reglane svært strenge og kompliserte. Det er lite forutsigbart for foreldre og svært utfordrande for Nav, då det er stor fare for forskjellbehandling. Sånn skal det ikkje væra.

• Den nye ordninga vil verta meir fleksibel og gjer det lettare for foreldre å kombinera pleieoppgåver og delvis arbeid.
• Varig sjukeborn vert inkludert i ordninga, i motsetnad til slik det er per i dag, då dei er inne i svært snevre unntakstilfeller.
• Dagens svært strenge sjukdomskrav vert også lempa på. Det skal no væra tilstrekkeleg at barnet er sjukt med behov for kontinuerlig tilsyn og pleie.
• Aldersgrensa vert auka generelt til 18 år (i dag er den 12 år for born i samband med behandling i helseinstitusjon)
• Mogelegheita for gradering vert og endra, med gradering heilt ned i 20 prosent. Dette for å lettare kunne kombinera pleie og delvis arbeid.

Pleiepengar skal kunne gis frå første dag. I dagens ordning er det sju karensdagar. No vert karensdagane oppheva til det beste for familiane.

Begge foreldra skal kunne ta ut pleiepengar på same tid. I dag har foreldre denne mogelegheita berre ved livstrugande eller svært alvorleg sjukdom.

Pleiepengar skal bli gjeven inntil 1300 dagar pr. barn (dagkonto). Av dagkontoen blir det gjeve 260 dagar (1 år) med 100 prosent kompensasjon av inntekta, og 1040 dagar med 66 prosent kompensasjon, noko som er det same som ved eigen sjukdom i sjukelønnsordninga.

Det vert og fleire småjusteringar innan pleiepengeordninga. Dette for at fleire skal kunne ta del i ordninga og at den blir meir presis og enklare å forholda seg til - til det beste for alle dei familiane som opplever ein tøff kvardag med sjuke born.

Dette har vore jobba med heilt tilbake til då jeg sat i arbeids- og sosialkomiteen (2009 til 2013), og er sårt tiltrengte endringar.

Laila Reiertsen
Os Frp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.