Lokal | 16. apr. 2014

Plukkar opp etter deg

– Dette er noko av det verste eg har vore borti, seier Torleif Holme om eit 500 meter langt stykke av Byvegen.

Plukkar opp etter deg
Torleif Holme har lagt bak seg strekninga Bergen - Oslo 5 gonger berre med å plukka boss (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 16. apr. 2014 09:20

Det flyt av boss langs Byvegen like utanfor Os sentrum. På dei om lag 500 meterane frå Kuven til Idrettsvegen har Torleif Holme fylt 14 sekkar med boss i løpet av nokre få formiddagstimar tysdag før påske.

Framleis står om lag 1/3 av strekket att.

– Kor kjem alt bosset frå?

– Dette er plast, plakatar, papp og alt mogleg rart, eigentleg.

– Folk har anten kasta det ut bilvindauget eller så har det foke av tilhengarar som folk ikkje har gidda å dekka skikkeleg til, seier Holme.

MacDonalds i Lysefjorden

I helga plukka han boss på strekket frå Fana til Ulven leir.

– Det var MacDonalds-restar heile vegen.

– I tillegg brune eggekartongar vi ikkje heilt har klart å finne ut av kor kom ifrå.

– På eit kort strekk der fylte vi 15 sekkar, fortel Holme, som får skryt for innsatsen langs vegane i kommunen.

«De sto i det dårlige været og plukket boss.... ....Trist at det trengs folk som må gjøre dette. Hvis ingen hadde kastet boss ut av bilen så hadde ikke det vært nødvendig. Takk til disse flinke menneskene!», lyder ei helsing Midtsiden fekk tilsendt i helga.

900 timar i året

Holme, som det siste året har rydda langs vegane på oppdrag frå Mesta, fortel at det går mykje tid.

– I fjor kom vi i gang først i slutten av april. I løpet av sommaren blei det cirka 900 timar med bossplukking.

Kvar økt ligg på om lag seks timar med bøy og tøy i dels ulent terreng.

– Vi skal plukka 6 meter frå vegkanten, men om det ligg noko synleg utanfor det, så blir det til at vi tar med det også.

– Det er utruleg god trening, fortel den spreke pensjonisten.

Fem gongar Bergen - Oslo

Sidan Holme starta med bossplukkinga som ein dugnadsjobb saman med juniorlaget har det blitt mange kilometer langs vegen.

– Eg byrjar vel å nærma meg fem gongar Bergen - Oslo i distanse, og då har eg ikkje rekna med all sikk-sakken ut i terrenget.

– Det heile starta med at juniorlaget eg var trenar for skulle til Mallorca på treningsleir og trengte penger.

– Vi fekk oppdraget med å plukka boss. Etterkvart forsvann ungdomane, men eg har no halde fram, smiler Holme, som fram til i fjor plukka i tre år på oppdrag for NCC.

Held følgje med 20-åringane

Den tidlegare gymlæraren ved Os vidaregåande skule, held formen godt ved like. I ein alder av 65 år, har han få problem med å følgja unggutane på 20 på løpetur i Hordnesskogen eller på sykkeltur på Mallorca.

– Eg har same vekt og kvilepuls no som då eg var 20.

– Ungdomane har eit litt høgre O2-opptak enn meg, så på intervalltreningar hender det dei slår meg, men når vi ligg på 80 % belastning er det ingen som tar meg, fortel Holme, som i tillegg til å plukka boss er i trenarapparatet til A-laget og juniorlaget til Bjarg, organiserer sykkelturar til Mallorca og sjølv er aktiv fotballspelar på Fana sine to veteranlag, med til saman 14 kretsmeisterskap.

– Dess eldre du blir, dess viktigare er det å trena, avsluttar den spreke pensjonisten med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.