Lokal | 13. okt. 2017

– Plutseleg er vi der

Mopedistar risikerer å miste retten til øvekøyring og førarkort til bil.

– Plutseleg er vi der
Lensmann Oddbjørn Dyrdal fortel om konsekvensane av uvettig køyring med moped (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 13. okt. 2017 07:51

Politiet har den siste tida fått fleire meldingar om hardasiøs og uaktsom køyring med moped fleire stader i bygda.

– Det er uvettig køyring på plener, fortau, gangstier og andre offentlege områder, fortel lensmann Oddbjørn Dyrdal ved Os lensmannskontor.

Risikerer år utan førarkort

Lensmannen fortel at dei så langt ikkje har tatt nokon på fersken, men at sjåførane ikkje skal føle seg trygge.

– Vi veit om det, så plutseleg er vi der og då får det alvorlege konsekvensar for føraren.

– Då vil førarkortet bli beslaglagt og dei vil få sperrefrist på gjerne eit par år på nytt førarkort.

– Konsekvensen er at dei ikkje får køyre opp til førarkort på bil før sperrefristen er ute. Dei får heller ikkje lov til å øvekøyre i den perioden, så alt blir satt på vent. Dei bør tenkje seg om, påpeiker lensmannen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.