Kultur | 29. mai 2016

To poeng frå 1. plass i PGP

Laurdag gjekk den norske finalen i Parodi Grand Prix av stabelen på Ole Bull Scene. Tom André og mamma Christine frå Os tok 2. plass.

To poeng frå 1. plass i PGP
Eit av bilda Christine Eidset og Tom André Økland Larsen sendte inn av seg sjølv før kvalifiseringsrunden. I går tok dei 2. plass i finalen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 29. mai 2016 20:30

Laurdag kveld gjekk Parodi Grand Prix-finalen av stabelen for 12. gong, i år for fullsett Ole Bull Scene i Bergen.

PGP kallar seg sjølv for Noregs mest alternative revyscene, og går ut på at deltakarane (maks seks per gruppe) skal parodiera ei låt som tidlegare har vore på Melodi Grand Prix. Innslaget må vera på minst fire minutt, der musikken er førehandsinnspelt, men deltakarane syng live.

Deltakarar frå Trondheim, Oslo og Bergen utgjorde årets ti finalistar, og blant dei var Tom André Økland Larsen og mora Christine Eidset.

Tom André, som var 14 år under kvalifiseringsrunden tidlegare i vår, er yngste deltakar nokosinne. Dei to var berre to peong bak vinnaren, Henriette Solrud (alias LaLa/alias turistsjef Tutta Toril).

Med teaterbakgrunn

– Vi flytta til Os for to år sidan. Tom André har stått på scenen sidan han var liten og liker å synga, fortel Christine.

Ho har sjølv vore teaterinstruktør i Ålesund. Sonen gjekk i Fyllingen Teater før familien flytta til Os.

Tom André driv ikkje med noko organisert musikk eller teater no, anna enn det som blir sett opp på Nore Neset ungdomsskule, der Tom André går i 9. trinn.

– Men dette gav meirsmak, så vi er med neste år òg, seier Christine.

Lagde ny tekst på israelsk låt

Tom André parodierte ein av dei yngste som har deltatt i Eurovision, Gili Natanel som var 12 år då han i 1989 deltok med «Derekh Hamelekh» (sjå originalen på YouTube).

– Det var ei venninne av meg, som også deltar, som viste meg låta. Den er jo heilt Grand Prix! Vi skjønner jo ikkje kva han syng, men lagde ny tekst, noko som er lov i Parodi Grand Prix.

Dei tilflytta osingane sin versjon heiter «Shine for tomorrow» og handlar om ei mor som alltid har ønskt å bli stjerne, men ikkje fekk det til. Løysinga blir å bruka all energi på å få sonen opp og fram.

Innslaget til Tom André og Christine kan du sjå på YouTube.

Ifølgje Christine fekk dei flest stemmer frå både salen og dei som følgte livestreamen på nett. Men juryen, som blant anna besto av Eli Kari Gjengedal, sørgja for at det blei 2. plass i debuten.

Sjå òg BT.no sin bildeserie frå finalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.