Sport | 12. mai 2009

Poengdeling

Os 2 leia to gongar, og Kjetil Hansen redda straffe igjen. Likevel blei det poengdeling i kampen mot Ny-Krohnborg.

Poengdeling
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. mai 2009 08:15

Måndag kveld spelte Os 2 heimekamp mot Ny-Krohnborg. I mars vann Os 4-0 i ein treningskamp mot det same laget, i går klarte dei ikkje å skapa like mykje.

- Vi presterte ujamt i går. I tillegg fekk Ny-Krohnborg ganske unødvendige mål. Men vi skal kanskje vera nøgd med poeng i denne kampen, med tanke på at Kjetil Hansen redda straffe igjen, seier trenar Tore Nielsen.

Os hadde tre strake sigrar bak seg før kampen måndag. Mot Trott redda Kjetil Hansen også på straffe, to gongar (Trott fekk to forsøk fordi dommaren meinte at Hansen gjekk for tidleg ut på det første).

Straffen i går kom etter at Vegard Borgen feilberekna og felte ein mann. Borgen var heldig og fekk bli verande på banen.

Salve frå Valvik
Os tok leiinga 26 minutt ut i kampen. Eit hardt langskot av Tore Valvik, frå 25 meter, enda i nota.

- Det såg først ut som om keeper redda, men så spratt ballen opp og inn i mål.

Gjestane utlikna eitt minutt før pause. Eit frispark som gjekk ved sida av muren enda hos Jostein Aga, som fekk gå i fred åleine inn til Hansen, som blei sjanselaus.

Kom innpå og skåra
Sven Lyssand kom innpå for Ramo Racic i andre omgang. Etter 20 minutt gav han Os leiinga igjen.

- Det var eit fint angrep med hardt innlegg frå kant, der Sven var på rett plass og sette ballen kontant inn, fortel Nielsen.

Tre minutt etter skåringa kom ein situasjon fleire Os-spelarar meiner var frispark. Os-forsvarar Baste Jonassen lurte ein angrepsspelar, men blei heldt. Så tok gjestane ballen og utlikna.

Kampen enda 2-2.

SJÅ TABELL

Desse spelte frå start (4-2-3-1): Kjetil Hansen, Tony Skarvatun, Vegard Borgen, Dani A. Bergstø, Mats Lepsøe, Tore Valvik, Erik Kanestrøm, Aleksander Lindkvist, Tim Henrik Sperrevik, Christian Almeland, Ramo Racic.

I pausen gjorde Nielsen desse byta: Baste Jonassen inn for Borgen, Sven Lyssand inn for Racic, Sondre Samdal inn for Almeland.

- I tillegg til Hansen, som gjorde nok ein super kamp, var Dani og Tore svært gode i går, meiner trenaren.

Os 2 spelar neste kamp allereie på torsdag, borte mot Rosendal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.