Bergen Poker Run, her i 2013 med Lepsøy i bakgrunnen, skal også i år innom Øyane og Halhjem. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Poker Run til Øyane under Osfest

Over 20 raske båtar skal innom Øyane og Halhjem laurdag om ei veke, før fartsetappe frå Austevoll.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I over 10 år har Bergen Poker Run samla raske båtar til fellestur, og enkelte fartsetappar, i skjergarden rundt Bergen, som oftast med ein tur innom Søre Øyane og Vedholmen Landhandel.

I år går turen innom både Øyane og Halhjem.

– Første gong vi var via Øyane og inn Hauglandsosen til Halhjem, hadde eg med meg ein av dei som i si tid var med og arrangerte offshore-VM i Arendal.

– Han var svært begeistra, kalte skjergarden i Os unik, noko av det flottaste han har sett, fortel Knut Steen Rakner, som dei siste ti åra har arrangert Bergen Poker Run.

Jobbar med å få offisielle løp

Årets Poker Run i Bergen inneheld ein fartsetappe for dei raskaste båtane, som ein prøve til eit eventuelt komande offisielt løp.

– Etter at det blei slutt for offshore-løpa i Arendal har sporten vore nede. Deltakarane selte båtane billig og no er det individuelle entusiastar som eig kvar sine, men som ikkje får målt krefter i ordna rammer.

– Mykje skal til for at vi får dette opp og gå igjen, vi må blant anna samarbeida med fleire byar og laga ein cup. Men vi vil prøva, om det så skal ta nokre år. Får vi det til så kan det bli spektakulært, både for deltakarar og publikum.

– Denne gong har vi representantar med frå Norges Motorsportforbund med på ruta, for å sjå kva vi har, og for å diskutera kva som kan vera mogleg å få til.

Program og rute

Årets Bergen Poker Run går av stabelen laurdag 12. august, mens vi i Os går og ventar på kveld nummer to på Osfest.

Det er Speedball AS som er arrangør.

I poker run får deltakarane utdelt kort, ved målgang er det den beste handa som vinn.

Etter utdeling av startnummer og obligatorisk førarmøte startar turen med kortesje ut Vågen i Bergen klokka 11.00, med møte på Byfjorden for å få første kort.

Utanfor Hjellestad får førarane neste kort.

Turen går vidare forbi Korsneset, under Strønebrua og til Vedholmen, der det er planlagt pause frå klokka 12.30 til 13.30.

– Eg har hatt mange av ungdomsåra mine på hytte på Halhjem, og har eit forhold til både skjergarden mellom Halhjem og Øyane, og butikken. Det er veldig kjekt med publikum på land og i båtar, og med unge og vaksne som møter oss på butikken for å sjå på båtane og slå av ein prat.

Fartsetappe frå Bakkasund

Etter avreise frå Vedholmen Landhandel går turen vidare innom Hauglandsosen og Halhjem. I Korsfjorden, på veg mot restauranten Cornelius, skil båtane lag.

– Dei som skal delta i fartsetappe går vest til Bakkasund i Austevoll, for kort stopp før start.

Vêret er avgjerande for om det blir fartsetappe.

– Har du ønskje til publikum som kjem med båt, med tanke på tryggleik og avstand til deltakarane i fartsetappen?

– Fjorden er fri for alle, vi kan ikkje bestemma kvar andre båtar skal køyra når vi ikkje har eit offisielt løp. Vi har følgjebåtar som sjekkar at den planlagte traseen er trygg, er den ikkje det så blir det ikkje fartsetappe.

– Det er fint om båtar held litt avstand, ta gjerne med ein kikkert, men vi kan ikkje forlanga noko, seier Steen Rakner.

Det er til no 22 båtar påmeldt. Éin av dei har toppfart på 120 knop.

– Fleire av dei raskaste båtane blir som oftast påmeldt i siste liten, rett og slett fordi eigar må vera sikker på at båten fungerer. Det er ein del mekking på desse største maskinene, så vi veit ikkje nøyaktig kor mange som kjem eller kor fort det vil gå før vi er der.

Etter lunsj på Cornelius på Holmen er det ny kortesje inn Vågen i Bergen klokka 16.30. Kvelden blir avslutta med middag på BarKollektivet frå klokka 19 og pokerbord med premieutdeling (beste pokerhand, raskaste båt og best in show) frå klokka 21.