Lokal | 25. apr. 2017

Politi rykte ut frå Bergen for å høyra «kvinnerop»

Det høyrdes ut som rop frå nokon som trengte hjelp. Mens politiet i natt leita etter rett dør å banka på, høyrde dei «ropinga» igjen.

Politi rykte ut frå Bergen for å høyra «kvinnerop»
Innsatsleiar frå Bergen rykte ut til melding om kvinnerop i Os. Det viste seg å vera ei ugle. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. apr. 2017 07:18

I 3-tida natt til tysdag fekk politiet melding om mogleg kvinne i nød.

– Ein innbyggar hadde høyrd hyl og rop som høyrdes ut som om ei kvinne som trengte hjelp, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet rykte ut med innsatsleiar frå Bergen, men det var vanskeleg å lokalisera kvar ropinga kom frå.

Så kom lydane igjen.

Ikkje rop frå menneske

– Det viste seg at det var ei ugle, sier Hadler-Olsen.

Om politiet såg ugla sjølv, er uvisst, men saman med meldar var dei einige om at dette var lyden av ein fugl, ikkje eit menneske.

– Vi er takksame for at folk melder ifrå, sjølv om det denne gong viste seg å ikkje vera ei sak for politiet.

Mista lappen - køyrde likevel

I 16-tida måndag blei ein bilførar stoppa på Byvegen.

Bilførar, ein mann i 20-åra, har mista lappen for ei tid tilbake, men køyrde likevel.

No er han meldt for forholdet.

Røyk i hus på Søre Neset

Klokka 20 var politi og brannvesen på Søre Neset i samband med ein alarm med automatisk varsling til 113.

– Det var røyk i bustaden, men ingen brann. Det var i samband med bruk av ein brødristar at alarmen hadde blitt løyst ut, fortel politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.