Lokal | 15. nov. 2017

Politiet følgjer blodspor i sentrum

Fekk melding om dam av blod ved rådhuset.

Politiet følgjer blodspor i sentrum
Politiet ønskjer informasjon etter funn av denne blodpølen ved rådhuset onsdag morgon. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. nov. 2017 08:12

Bildeserie:

1 av 3

Onsdag i 7.40-tida kom det melding om funn av ein større blodpøl ved den eine inngangsdøra til rådhuset.

– Vi har førebels ingen vitneobservasjonar av folk, berre alt dette blodet, fortel politiet på staden.

Dei har tatta vare på blodprøve og gjort fleire undersøkingar, blant anna ringt legevakta, samtidig som det er tydelege blodspor å gå etter i Os sentrum.

OPPDATERT: Fann blodig mann i ubebodd hus i Finnebrekka

Frå dammen er det dropar med blod mot Øyro, vidare forbi Joker og under baldakinene, forbi Catten til Brugata.

Politiet held fram med undersøkingar i sentrum, og er samtidig interessert i informasjon frå dei som har. Det er førebels uvisst om det har skjedd noko kriminelt eller om det berre har vore eit uhell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.