Lokal | 02. mai 2016

Politiet frigjev sju namn

9 av dei 13 som omkom i helikopterstyrten på Turøy fredag er frå Hordaland, 2 av dei er frå Os. I dag kom politiet med namnet på éin av dei.

Politiet frigjev sju namn
Ole Magnar Kvamme er blant dei omkomne i helikopterstyrten på Turøy fredag (foto: Fred Ivar Klemmetsen, BT/Privat)
Andris Hamremandag 02. mai 2016 06:20

Natt til mandag offentliggjorde politiet namnet på sju av dei tretten som omkom i ulykka der eit helikopter styrta på veg frå Gullfaks B-plattforma til Flesland.

Offentleggjeringa kjem i samråd med dei pårørande.

To av dei omkomne bur, eller har budd fleire år, i Os. Namnet på ein av desse er no kjend.

Ole Magnar Kvamme, fødd i september 1955, er blant dei omkomne.

Kvamme budde i Bergen og jobba for Statoil. Han budde i Os frå han blei fødd til 2007.

Far til tre

Kvamme var utdanna elektrisk installatør. Han blei tilsett i Statoil i 1988 og har den siste tida arbeidd med anleggsintegritet på Snorre, Gullfaks A og Gullfaks B. Han hadde meir enn 10 år operasjonell erfaring offshore, skriv Statoil i ei pressemelding.

Ole Magnar Kvamme etterlet seg tre vaksne barn.

– Våre tankar går først og fremst til Ole Magnar Kvamme sin familie og nære venar, som har mista ein av sine kjære i denne forferdelege ulykka, seier Eldar Sætre, konsernsjef i Statoil.

– Også i Statoil er det tilsette som har mista ein nær og kjær kollega. Vi deler alle sorgen og uttrykker vår dypaste sympati og medkjensle med familie og vener i denne vanskelege tida, heiter det i pressemeldinga.

Tysdag vil selskapet markera tragedia med flagging på halv stang heile dagen og eitt minutts stille ved alle Statoil sine kontor over heile verda klokka 13.00 CET.

Alle namna som no er offentleggjort:

Navn Født Bosted Arbeidsplass Arild Fossedal mars.1973 Bergen i Hordaland Aker Solutions Ole Magnar Kvamme sept.1955 Bergen i Hordaland Statoil Otto Mikal Vasstveit sept.1961 Strand i Rogaland Halliburton Behnam Ahmadi dese.1961 Sandnes i Rogaland Halliburton Kjetil Wathne nove.1964 Bergen i Hordaland Karsten Moholt Odd Geir Turøy okto.1961 Øygarden i Hordaland Aker Solutions Iain Andrew William Stuart juli.1974 Aberdeenshire UK Halliburton

Politiet opplyser at namna på dei seks siste vil bli offentleggjort tidlegast i løpet av måndagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.