Lokal | 24. apr. 2018

Politiet sine russeråd

Russetida står på trappene. Les politiet sine råd til årets russ og deira foreldre.

Politiet sine russeråd
Politiet ønskjer at russen skal få ei trygg og fin russefeiring, som her i Sigurdsvikjo i fjor (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretirsdag 24. apr. 2018 06:38

Politiet har eit godt samarbeid med russen og har hatt det i fleire år. Dei alle fleste har ein kjekk russetid, men for enkelte kan det gå galt.

– Politiet ønskjer å være i forkant og gjør det vi kan for å førebyggje uheldige eller straffbare hendingar. Dei viktigaste førebyggarane er likevel russen sjølv og deira foreldre, skriv Arne Lutro, leiar for stab for kommunikasjon i Vest Politidistrikt i ei pressemelding.

– Årets russ verker som reflektert og fin ungdom. Samstundes ønskjer politiet å koma med nokre råd før årets feiring. Vi vil at alle skal få ein trygg og god russetid, poengterer Lutro.

Politiet følgjer særskilt med på:

• Sal av narkotika til russen.
• Såkalla "rulling" kor mindreårige jenter er med på fest i russebussane.
• Ordensforstyrringar og valdsbruk knyt til feiring.
• Rekruttering av ungdom som introduserast og prøver narkotika for første gang.
• Trafikkulykker.
• Seksuelle overgrep og valdtekter.

Råd til russen:

• Ta eit tydeleg standpunkt mot narkotika før russetida. Ta kontakt med politiet dersom du treng råd eller hjelp. Dei aller fleste skolane og russebussane har ein eigen politikontakt.
• Ikkje bli overstadig rusa. Det set deg i ein sårbar posisjon kor du kan bli utnytta seksuelt eller på anna måte. For å unngå det, ikkje bruk narkotika og ikkje drikk sprit.
• Pass på kva du deler på sosiale media. Deling av andre personar krev samtykke. Det kan vere straffbart å dele krenkande bilete.
• Ikkje ta med 1. og 2. klassingar på russebussane. I Bergen har politiet og russen ein eigen avtale om at berre ungdommar over 18 år skal rulle.
• Russebilar/bussar: Følg trafikkreglane. Husk at sjåførane har eit sjølvstendig ansvar for tryggleiken. Politiet kontrollerer biler og busser ved uro eller klagar.

Råd til foreldre:

• Sjølv om barnet ditt er myndig, er det framleis viktig at du er der for dei.
• Vêr tilgjengeleg på telefon heile døgnet.
• Vêr klar til å hente ungdommen dersom dei ber om det. Engasjer deg i det russen din gjer.
• Be om hjelp frå til politiet dersom du er uroa.
• Vêr tydeleg på kor grensene går.
• Foreldre til 1. og 2. klassingar; ver merksam på at dei kan ønskje å vere med russen for å rulle. Sett tydelege grenser.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.