Kultur | 03. jan. 2017

Populær klassikar i ny drakt

Bygdekino startar opp søndag med Enger sin klassikar «Dyrene i Hakkebakkeskogen» som kritikerrost animasjonsfilm.

Populær klassikar i ny drakt
Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen kjem som animasjonsfilm på Oseana søndag (foto: Qvisten Animasjon AS/SF Norge)
Andris Hamretirsdag 03. jan. 2017 13:25

Første juledag hadde fleire filmar kinopremiere. To av dei, «Dyrene i Hakkebakkeskogen» og «Hundreogettåringen som stakk fra regningen og forsvant» kjem allereie søndag på bygdekinoen i Oseana.

Dyrene i Hakkebakkeskogen

I Hakkebakkeskogen går Klatremus og dei små venene hans rundt i konstant fare for å bli etne opp av Mikkel Rev og andre rovdyr som ikkje klarer å skaffe seg mat på ærleg vis. Då Petter Pinnsvin i tillegg prøver å ete opp den fornuftige Morten Skogmus si Bestemor, er det på tide å lage ei lov for å regulere dei lovlause tilstandane i skogen. Bjørnen Bamsefar hjelper dei med å innføre lova: No skal alle dyra i skogen vera vener, og det er forbode å ete kvarandre. Men Mikkel Rev er framleis svolten...

Populær klassikar

Animasjonsfilmen er basert på Thorbjørn Egner sin populære klassikar av same namn og har hausta både femarar og seksarar på terningen etter premiera 1. juledag. Skal du få den med deg bør du vera om deg og kjøpa billettar relativt raskt.

– Vi har allereie seldt rundt 100 av dei 490 tilgjengelege billettane, opplyser Hilde i resepsjonen på Oseana.

Filmen varer i 1t 15 min og er tilleten for alle.

Hundreogettåringen som stakk fra regningen og forsvant

"Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant" vart ein en enormt stor suksess, både i heimlandet Sverige og i mange andre land. Berre i Noreg vart den sett av nesten 240.000 på kino!

No er oppfølgaren klar, og Robert Gustafsson skal gjenta suksessrollen i filmen "Hundreogettåringen som stakk fra regningen og forsvant". Allan Karlsson skal nok ein gong ut på nye eventyr, denne gong skal han reise frå Bali tilbake til Sverige, med både CIA-agentar, balinesiske pengeinnkrevarar og eit svensk brusfirma hakk i hæl.

Filmen hadde, som Dyrene i Hakkebakkeskogen, kinopremiere første juledag og varer i 1t 47min og har 12 års aldersgrense.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.