Populært OL på Søfteland
Då snøen kom kasta Søfteland skule om på planane og laga vinter-OL.
Bildeserie:
Fleire av barneskulane i Os nytta snøen og det relativt fine vêret tysdag til utedag og vinteraktiviteter.
På Søfteland barneskule arrangerte SFOen OL på skuleplassen.
– Vi hadde seks ulike greiner. Det var skøyter, langrenn, utfor, skiskyting, hockey og kombinert, fortel dei vaksen på Søfteland skule sin SFO.
Fiksa startnummer
Som i det riktige OL-et i Pyeongchang stilte ungane til start med full innsats og startnummer.
– Borna blei delt inn i lag og fekk startnummer som vi laga av kvite bossposar med tal på. Dei fekk òg eit farga band på armen som viste kva lag dei var på.
– Det var vill juble då det blei annonsert at vi skulle ha OL, for det var eigentleg planlagt om nokre dagar, men då vêret var på vår side i går, så nytta vi sjansen.
Premie til alle
Innsatsen var upåklageleg, og det blei nok sett ein og anna ny personleg rekord og lokal olympisk rekord under lekane. Premieringa var lik for alle.
– Varm saft og hot dog etter at alle greinene var unnagjort gjorde godt i sultne, slitne og nøgde barn.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.