Næringsliv | 23. mai 2017

Porten gjekk ned hos Tilbords

– Det er tungt å gje seg. Det har vore seks kjekke, men strevsomme år, seier Rosmari Sorthe.

Porten gjekk ned hos Tilbords
Frå ryddesal til stengt butikk - Tilbords måtte kasta inn handkledet etter seks år. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. mai 2017 08:16

Interiørbutikken Tilbords på AMFI Os hadde sin siste opningsdag laurdag 20. mai. I går var porten nede, med ein lapp som seier «beklager, butikken er stengt inntil videre».

– Eg leverte papira til tingretten i går. Det var ein tung, men uunngåeleg veg å gå, seier eigar og franchisetakar Rosmari Sorthe.

I juli er det seks år sidan ho opna.

– Det har vore seks fantastiske år, det er den beste jobben eg nokosinne har hatt. Vi har hatt god omsetnad, men dessverre ikkje klart å driva i pluss. Det har vore stabilt for låge inntekter i fleire år, og no var det dessverre stopp.

Støtte og sympati

Rosmari seier ho kjem til å sakna både sine eigne tilsette, folka på kjedekontoret til Tilbords og alle «kollegaene» frå dei andre butikkane på Amfisenteret.

– Det har vore som ein stor familie. Då eg i går stengte av kom det massevis av telefonar og meldingar med hyggelege helsingar. Det har varma.

Elskar å selja

Sorthe, som gjekk frå jobb som butikksjef innan mote då ho i 2011 starta for seg sjølv, har gjennomført fleire lokale kampanjar og aktivitetar for å gje Tilbords-butikken eit løft, utanom kampanjane frå kjeden.

• Les òg: Lokal og innhaldsrik bryllaupsmesse

– Eg elskar sal og service, og vil nok vidare i same retning når prosessen med avviklinga er over.

– Har du allereie ny jobb å gå til, eller plan om å starta noko nytt?

– Nei. Det kan godt henda at eg startar for meg sjølv igjen. I så fall blir det truleg heilt åleine, ikkje som franchise. Men nett no ser eg helst for meg at eg vil byrja å jobba for andre. Det ser ikkje ut som om det er mange ledige jobbar i Os, men eg håper eg finn meg noko.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.