Lokal | 08. mars 2018

Positive, men uroa over nye krav

Endra krav til bemanning og pedagogtettleik kan gje store utfordringar for barnehagane om ikkje tilskotet blir auka.

Positive, men uroa over nye krav
Drifta i dei kommunale barnehagane legg grunnlaget for tilskotet til dei private barnehagane i Os kommune (ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 08. mars 2018 10:12

I kommunestyret i november handsama politikarane «Tilstandsrapport frå barnehage og skule 2017». I gjennomgangen fekk administrasjonen ei rekkje spørsmål om korleis nye krav til pedagognorm og maks tal barn per vaksen vil slå ut for barnehagane.

– Eg saknar litt informasjon om korleis Os ligg an i høve tal barn per vaksen blant dei yngste barna. Kva er utviklinga ein ser føre seg. Det er viktig med nok vaksne, slik at barna får den merksemda dei treng frå dei vaksne, kommenterte Jakob Enerhaug (KrF).

– På barnehagefakta står det at vi i barnehagane i Os har 6,5 barn per tilsett i snitt, men eg klarte ikkje å finne kor mange tilsette det er per barn over og under tre år. Korleis er dette i høve normen, undra Siren Tømmerbakke (Sp).

– Dette er noko av det viktigaste vi held på med. Det er barna våre og dei som skal byggje vidare etter oss. Kunnskap er viktig for vidare utvikling, eg kunne eigentleg tenkt meg at administrasjonen var meir konkret i kva treng vi og kva manglar vi. Det eg sit igjen med etter to år i kommunestyret er ei bekymring for tramme rammer i tenesten, kommenterte Nils Anders Nøttseter (MDG).

– Eg er veldig trygg på at barnehagane våre driftar godt, men eg har lyst til å diskutera dei største utfordringane på området med barnehagane før eg kjem tilbake til dykk, svara Irene Ullensvang, barnehagefagleg rådgjevar i Os kommune.

Positive, men uroa

I tenesteutvalet neste uke kjem Ullensvang med ei tilbakemelding frå barnehagane.

Gjennomgåande i tilbakemeldingane er ei positiv haldning til det auka kravet om pedagogisk bemanning frå 1. august 2018, men ei uro rundt vilkår for drifta og det dei private barnehagane opplever som låge satsar for kommunalt tilskot i Os kommune.

– Endring i barnehagelova med innføring av pedagog- og bemanningsnorm vil stå for dei største utfordringane. Med bakgrun i det vil også dei kommande åra dreie seg mykje om barnehagens økonomi og dernes eit mogleg kvalitetstap. Å lønna fleire pedagogar vil bli meir kostbart enn å lønna ufaglærte assistentar. Strengare krav til bemanning per barn vil også gje barnehagane stor auke i lønsutgiftene, påpeiker Gøril Rott, dagleg leiar i Banktjørnhaugen barnehage i si tilbakemelding.

– Størrelsen på Os kommune sine tilskotssatser skaper uro. Barnehagane har eit så begrensa handlingsrom at satsane er alfa og omega for driften, påpeiker ho.

Eit særs regulert område

Tilbakemeldingane frå dei andre barnehagestyrarane går i det store og heile i same retning som tilbakemeldinga frå Rott.

Tone Fjeldstad, dagleg leiar i Varhaug barnehage, peikar på at barnehageområdet er svært regulert og at satsane er avgjerande for drifta.

– Frå hausten 2018 vil barnehagane mest sannsynleg vera regulert slik: Makspris som styrer foreldrebetalinga. Arealnorm som set begrensingar på antal barn. Pedagognorm som styrer andelen av barnehagelærarar - 50% barnehagelærarar. Bemanningsnorm som styrer kor mange barn per ansatt - 6.0 barn per ansatt.

– VI er svært positive til dei sentrale føringane i sektoren. Det vil gje auka kvalitet og større likskap i tilbodet til barn og foreldre, og bidra til at for eksempel begrepet «tidleg innsats» er meir enn gode ønskjer og gode intensjonar. Men barnehagane må ha driftsvilkår til å gjennomføra det, påpeiker Fjeldstad.

Kan kosta nær 15 millionar

Private barnehagers landsforbund har gjort ei berekning på kva konsekvensen vil bli som følgje av bemanningsnormen. I denne er auka kostnad for Os kommune estimert til 14.907.241 kroner, kor av 2.030.721 kroner er auka driftskostnader i dei to kommunale barnehagane og 12.876.520 kroner er auka i driftstilskot for private barnehagar.

Ei utfordring for dei private barnehagane er måten driftstilskotet blir rekna ut. Ei auke i kommunal sektor får nemleg ikkje effekt for dei private før to år seinare, sjølv om bemanningsnorma innføres allereie no.

– Eg vil oppfordra de som politikarar til å nytta nettverket dykkar og påverke beslutningstakarane på Stortinget, slik at det også følgjer øyremerka middel med eit eventuelt vedtak til endringane, oppmodar Kjersti Ellingsen i Søre Øyane Naturbarnehage.

Det kommunale tilskotet for 2018 er på kr 184.100,- (inkl. tilskot til pedagogisk bemanning) for små barn (under 3 år) og 86.512 kroner for store barn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.