Lokal | 27. okt. 2014

Posttjuvar også mistenkt for innbrot

I helga blei ein mann og ei kvinne tatt, mistenkt for fleire tjuveri av post. Dei er blant anna også mistenkt for innbrotet i kiosken på Kuventræ.

Posttjuvar også mistenkt for innbrot
Sånn såg det ut etter innbrotet i kiosken på Kuventræ for ei veke sidan. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. okt. 2014 08:52

Dei siste to månadane har fleire tital husstandar i nabolag rundt Os sentrum blitt ramma av posttjuveri.

Fredag blei ei kvinne tatt, mistenkt for å stå bak fleire av dei. Laurdag slo politiet til mot ei anna adresse, der ein mann blei pågripen.

– Kvinna har erkjent forholdet, mannen skal inn til nytt avhøyr i dag, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Politiet fekk ikkje halda på kvinna lenge, ho blei dimittert i helga. Mannen blir framstilt for varetektsfengsling i dag.

Mistenkt for fleire lovbrot

I tillegg til å vera mistenkt for tjuveri av post og bruk av andre folk sine bankkort og identitet, er dei to mistenkt for andre grove tjuveri.

– Dei er blant anna mistenkt for å stå bak innbrotet, hærverket og tjuveriet frå den nye kiosken til Os Turn på Kuventræ førre helg.

Politiet har funne varer dei meiner er tjuvgods frå kiosken heime hos mistenkte.

– Sjekk kontoen din!

Politiet har funne fleire bevis, både stolen post og bruk og forsøk på bruk av bankkort og andre folk sin ID, blant anna til bestilling av telefonabonnement.

– Det er ikkje alltid lett å veta om nokon har stole posten din. Spesielt folk som bur i områda der desse har herja, som i Nordmarka, Midtskogvegen og Kuhnle, bør sjekka at ikkje dei har mista viktig post eller at kontoen deira er brukt av andre, sa Kenneth Rastad etter aksjonen i helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.