Lokal | 14. feb. 2016

Prangande fjørpryd og blomekransar

Fredag var det karneval og sambatakter for bebuarane på pleie- og miljøavdelinga på skuleheimen.

Prangande fjørpryd  og blomekransar
Det var sambatakter og prangande fjørpynt som var den store happeningen på sjukeheimen fredag (Foto: Cathrin Valestrand) 
Cathrin Valestrandsøndag 14. feb. 2016 19:01

Bildeserie:

Fargeglade parykkar og blomekransar så langt auget kunne sjå på avdeling for pleie og miljø fredag. (Foto: CV)
Fargeglade parykkar og blomekransar så langt auget kunne sjå på avdeling for pleie og miljø fredag. (Foto: CV)
Dans høyrer med (Foto: CV)
Dans høyrer med (Foto: CV)
Pinjata'en får seg ein omgong frå fleire... (Foto: CV)
Pinjata'en får seg ein omgong frå fleire... (Foto: CV)
... den må nok gje tapt... (Foto: CV)
... den må nok gje tapt... (Foto: CV)
Og det er ikkje like lett å vere avdelingsleiar og den som må plukka opp (Foto: CV)
Og det er ikkje like lett å vere avdelingsleiar og den som må plukka opp (Foto: CV)
1 av 5
Fargeglade parykkar og blomekransar så langt auget kunne sjå på avdeling for pleie og miljø fredag. (Foto: CV)
Dans høyrer med (Foto: CV)
Pinjata'en får seg ein omgong frå fleire... (Foto: CV)
... den må nok gje tapt... (Foto: CV)
Og det er ikkje like lett å vere avdelingsleiar og den som må plukka opp (Foto: CV)

For andre år på rad vart det fredag arrangert karneval på sjukeheimen.

– Vi har det veldig kjekt når vi har karneval, og det er ein fin måte å både ha det morosamt på, i tillegg til at dei eldre kjem litt i aktivitet, seier Marte Fredriksen.

Med seg i karnevalskomitéen har ho Luciene Santana frå Brasil, og Heidi Håland.

Populær aktivitet

Brusande hovudfjør og blinking i paljettar er tydelegvis ikkje nok til å ha karvneval. Det er diska opp med blomekransar rundt halsen, parykkar og ein glisande pakke med Non Stop.

– Det var veldig populært med karnevalet i fjor. Nokre har gledd seg så dei ikkje har fått sova, seier avdelingsleiar Regine Samnøy Hestad. For augneblinken den glisande Non Stop-pakken.

– Vi byrja å pynta i går, og det har fått forventningane ekstra høge trur eg.

– Skaff oss noko godis!

Det blir heller ikkje karneval utan passande musikk.

– Vil du dansa med meg? spør Luciene og dansar rundt med alle som tek utfordringa.

Ein sjølvskriven del av karnevalet er pinjataen som heng frå taket.

– No må de skaffa oss noko godis, ropar Regine, og pinjataen vert fira med. Fleireav bebuarane tek ein tørn med kosteskaftet og slår seg laus, og til slutt må den gje tapt. Ut kjem sjokoladar i hopetal.

– No skal vi kosa oss!

Fellesmåltid

I samband med karnevalet vert det også laga mat på avdelinga.

– I dag har vi dekt langbord, og vi serverer heimelaga mat. På meyen står saltkjøtsuppe, og til dessert vert det heimelaga eplekake med is.

– Vi har ein del slike aktivitetar der fellesmåltid inngår som ein del av det heile. Karneval på denne tid er heilt spesielt, for då er det ofte litt grått ute, men inne her er alskens fargar og musikk. Det er eit veldig triveleg avbrekk både for bebuarane og oss som jobbar her, avsluttar Fredriksen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.