Sport | 20. sep. 2009

Preben x 3

Sjukdom og ei veke utan trening såg ut til å ha gjort godt for Preben Borgen. I dag skåra han tre for Os 2.

Preben x 3
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. sep. 2009 20:03

Os 2 held seg på 2. plass og opprykksposisjon i 4. divisjonsavdelinga si etter 5-2-siger borte over Norges Handelshøgskole sundag kveld.

Preben Borgen, som har vore sjuk og utan trening i ei veke, blei klar til å spela frå start for andrelaget. Det resulterte i tre skåringar.

- Både Preben og vegard Leikvoll Moberg har vore sjuk den siste veka, men det var veldig vanskeleg å sjå i dag. Saman med midtstoppar Vegard Borgen og keeper Anders Strønen var dei no våre beste i dag, seier trenar Tore Nielsen.

Preben og Dani først
Os 2 tok leiinga allereie etter eitt minutt. Mats Lepsøe fann Christer Olsen som la inn til Preben Borgen. Borgen skaut rett i nærmaste kryss frå om lag 20 meter.

18. minutt ut i kampen auka Os til 2-0 ved Dani A. Bergstø. Dani putta etter corner.

Straffe og tigerredningar
24 minutt ut i kampen blei ein NHH-spelar takla av Anders Glesnes inne i feltet, etter at venstrebacken og keeper Anders S. Strønen hadde misforstått kvarandre litt.

Straffen gjekk inn, men det var det slett ikkje alt anna som gjorde.

- Vi tapte 0-2 for NHH heime, og dei hadde ei stund eit bra press på oss. Nokre flotte redningar av Anders heldt oss heldigvis i leiinga, seier Nielsen.

Preben Borgen auka til 1-3 i 35. minutt, men heimelaget reduserte då dei fekk koma litt for lett til minuttet etterpå. 2-3 sto seg til pause.

Auka trykket i andre omgang
I pausen fekk Nielsen justert litt - og med meir aggressivt press og meir løping overtok Os 2 i andre omgang.

I 49. minutt la Preben ut til Espen Valvik, som sikra 2-4-leiing, og Preben skåra sjølv kampens siste mål i 69. minutt.

Os 2 sitt lag frå start: Anders Solberg Strønen, Anders Glesnes, Vegard Borgen, Dani Alvær Bergstø, Mats Lepsøe, Vegard Leikvoll Moberg, Preben Borgen, Erik Kanestrøm, Espen Valvik, Christer Olsen og Ramo Racic.

Espen Kopperud kom inn for Kanestrøm, Sven Lyssand kom inn for Valvik, Daniel Vevatne kom inn for Olsen og Stian Dale kom inn for Lepsøe i løpet av kampen.

- Alle innbytarane klarte seg også godt, seier Os 2-trenaren.

Os 2 spelar neste kamp borte mot serieleiar Øygard førstkomande onsdag.

SJÅ TABELL



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.