Kultur | 24. mars 2017

Premiere på Latteruniverset!

To måndagar på rad vil 11 unge skodespelarar frå Os barne- og ungdomsteater visa den nye framsyninga si; «Latteruniverset», i ungdomshuset på Haugland.

Premiere på Latteruniverset!
11 skodespelarar i alderen frå 3. til 6. klasse skal på scenen på Haugland dei to neste måndagane. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. mars 2017 11:19

Os barne- og ungdomsteater presenterer ei heilt ny framsyning, som er laga med utgangspunkt i improvisasjonar ut frå faktaboka «He-he!» av Erna Osland. Stykket har fått tittelen Latteruniverset.

Publikum kjem inn i latteruniversitetets aula. I latteruniverset, der Professor Lattergal er øvste leiar. Ho kan alt om latter, liv og leik. Her får vi sjå utdeling av vitnemål til årets latterstudentar og fylgje direkte overføring frå den årlege latterkonferansen. Latterkoret vil framføra sitt nye korverk; Den søte lille damen som ikkje kunne le!

Undersøkinger viser at barn ler i gjennomsnitt heile 400 gongar i løpet av ein dag, medan vaksne berre ler 15 gongar per dag.

Kva er det som skjer? Kvifor ler barn så mykje meir enn vaksne?

– Latter kan vera ein døropnar, og er ein av dei få fenomen i verda som kan knyta saman alle, uavhengig av bakgrunn og språk. Latteren er livsviktig for liv og læring – og det skal vi visa, seier Frøydis Flotve i ei pressemelding.

Elevane sine idear

– Latteruniverset er ei positiv framsyning som kan få opp augo for alt det positive rundt oss. Kva er det beste med å le? Når lo du sist skikkeleg godt? Kan latter gi oss vener? Blir vi snille av å le? Kan vi le oss ihel?

– Elevane har kome med sine idear ut frå kapittel i boka og saman har vi tilpassa manuset til vår gruppe med 11 skodespelarar frå 3. - 6. trinn.

Komponisten Tarjei Vatne har laga musikk til framsyninga. Regien er ved Frøydis Flotve og Veronika Flotve Røssland.

Skodespelarane er: Hanne Dahl, Nora Tillung, Mia Aasen, Enja Vangdal Aamaas, Iris Vangdal Aamaas, Iben Dahl, Emily Skjelbreid Parker, Even Hauge, Elias Kobbeltvedt, Amalie Lundervik Sælen og Askil Furubotn Storum (er ikkje med på bildet).

Premieren er i Ungdomshuset på Haugland måndag 27. mars, på verdas teaterdag! Det vert også ei ekstra framsyning måndag 3. april.

Latterkuler er med i billettprisen!

Latter er gratis, lovleg, har ingen kaloriar og er absolutt sikker og ufarleg. Bruk den! Ofte!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.