Lokal | 06. des. 2016

Prioriterer barn og helse

Budsjett 2016: Frp/H/Krf vil styrka BLR, kulturskulen, arbeidet med barn og unges psykiske helse, kyrkja og fysioterapitenesta.

Prioriterer barn og helse
Terje Søviknes (Frp) presenterte budsjettframlegget frå Frp/H/Krf (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 06. des. 2016 10:30

Frp og Høgre har i budsjettet for 2017 fått med seg KrF som budsjettpartner i eit budsjett som dei sjølv omtalar som eit budsjett med barn og unge i fokus.

I staden for å reversera stillingane ved ungdomsskulen som har vore statleg finansiert dei siste åra foreslår dei tre partia å legga inn 3,2 millionar til prosjekt betre læringsresultat og 800 000 til ei stilling i meistringteamet.

– Prosjektet er tilført ekstra midlar kvart år i perioden 2014-16. FrP/H/KrF vil vidareføra denne satsinga også i 2017, og legg inn friske midlar på 3,2 mill kr pr år i økonomiplanperioden. Dette utgjer meir enn ei dobling av ressursane i prosjektet. Styringsgruppa for BLR får i samråd med administrasjonen fullmakt til å disponera forsterkingsresursane, heiter det i framlegget.

Meir til psykisk helse

Også barn og unge si psykiske helse er dei tre partia opptekne av og legg inn ei auke på 700 000 kroner til området.

– Fagområdet får fullmakt til å disponera midlane i høve styrkja bemanning eller tiltak retta mot målgruppa, fortalde Terje Søviknes (Frp) på vegne av dei tre partia i formannskapet tysdag.

Dei tre partia følgjer òg opp regjeringa sin opptrappingsplan mot vald og overgrep i nære relasjoner med å setta av 600 000 til tiltaket Alternativ til vald.

Vil ha visuelle fag i kulturskulen

Os kulturskule får styrka budsjetta sine med 550 000 i 2017 og med éin million i perioda 2018-2020.

– Midlane skal gå til å utvida tilbodet i kulturskulen med visuelle fag (kunst, skulptur), og vidareutvikling av Friskunst-prosjektet i samarbeid mellom kulturskule, Oseana og grunnskulane, heiter det i framlegget, som også legg inn ei 50% stilling i kultureininga som ein arrangementsressurs.

Lys på grusbanen

Jadakameratane har tidlegare peika på utfordringane med å driva aktivitet på grusbanen i sentrum. I sitt budsjettframlegg legg dei tre partia opp til at det no skal koma lys på banen og at det skal gjerast sikringstiltak rundt banen. Totalt er 500 000 satt av til førmålet.

– Tiltaket vil utvida brukstida på banen, og tena både skulen, idrettslaget og parkeringsbehovet i sentrum.

Meir til kyrkja

Dei tre budsjettkameratane ser at det auka folketalet også påvirkar kyrkja sin aktivitet og legg inn ei 50% diakonstilling og ei 50% stilling til styrking av vedlikehald og drift av gravplassane.

– I tillegg vil FrP/H/KrF bidra til oppgradering av Os kyrkje til 150 års jubileet i 2020 samt ferdigstille parkering v/gravplassen på Kuventræ, forklarte Søviknes. Dei ser for seg å løyva 1 million i 2018 og 2 millionar i 2019.

To nye fysioterapeutar

Også innan helsetenestene er det eit press som følgje av det auka folketalet. Dei tre partia legg difor inn 900 000 kroner årleg til to nye private fysioterapiheimlar og ber rådmannen vurdera nivået på eigenandel knytt til fysioterapitenester ytt av institutt med kommunalt driftstilskot.

Også rehabiliteringsavdelinga/hjelpemiddelsentralen blir styrka med eitt nytt årsverk.

– I takt med folkeveksten og satsinga på open omsorg aukar også aktiviteten knytt til hjelpemiddel. FrP/H/KrF legg difor ei ny 100%-servicestilling til hjelpemiddellageret ved rehabiliteringsavdelinga frå 2017. Dette er også ei naturleg opptrapping i høve pågåande utbygging på Luranetunet og framtidig ombygging av den gamle sjukeheimen.

5 millionar i infrastrukturfond

Dei tre partia er kjende med at kommunen får 7 millionar tilbake i forskutterte middel frå fylkeskommunen i 2017. Dette vil dei nytta til trafikksikringstiltak (2 millionar) og eit nytt infrastrukturfond på 5 millionar kroner.

– Dei seinare åra har kommunen delteke i fleire spleiselag med private og Hordaland fylkeskommune om utbetringar og mindre tiltak på private og fylkeskommunale vegar. Midlar har også vore nytta til etablering av parkeringsplassar knytt til turløyper/friluftsområde. FrP/H/KrF ser at slike spleiselag ofte kan bidra til å realisera mindre men viktige infrastrukturtiltak i vekstkommunen Os.

– Utbygging av gang- og sykkelveg langs fylkesvegen frå Hatvikvegen til Vallabrua er eit prosjekt som FrP/H/KrF vil prioritera i 2017, ref. planar om å leggja ny vassleidning langs denne traseen, heiter det i framlegget.

Dei tre partia har tru på at bølgjebryterane vil styrka aktiviteten i Os hamn og foreslår å setta ned ei arbeidsgruppe som kan sjå korleis ein kan utnytta området.

Midla har dei tre partia funne i statsbudsjett og i tilbakeføringane frå fylkeskommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.