Næringsliv | 01. juni 2014

Priskrig skaper kø

Ny rekord med prisar under 11 kroner skaper kø rundt bensinstasjonane i Os.

Priskrig skaper kø
Det er kø inn og ut av UnoX, særleg når ferjekøar frå Halhjem kjem forbi tettar det seg til i rundkjøringa mellom Byvegen og Industrivegen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. juni 2014 19:51

Både i vinterferien og i påskeferien blei det priskrig på drivstoff mellom bensinstasjonane i Os.

– Det er mange år sidan prisane har vore så låge, sa Sonja Tveit hos Best då dieselen i påsken kosta 11.54 ved stasjonen hennar.

Seinare gjekk prisen ned til 11.18 kroner hos konkurrenten Uno X i Industrivegen.

Etter ein himmelfartsdag utan oppjustering var det no duka for ny krig, og i kveld er prisen nede i under 11 kroner literen!

Søndag ettermiddag har det vore kø inn og ut av Lyssand Bil/Uno X, som sel diesel for 10,99 kroner per liter.

I Os sentrum er prisane også låge, rundt 11,09.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.