Lokal | 15. okt. 2014

Privatperson stoppa fyllekjørar

Som «takk for hjelpa» fekk han seg ein blåveis.

Privatperson stoppa fyllekjørar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. okt. 2014 20:02

I 17-tida onsdag ettermiddag fekk politiet melding om mistanke om kjøring i påverka tilstand på E39 på Kalandseid retning Os.

– Han kjørte veldig rette linjer og i periodar midt i vegen på Hamre, fortel vitnet som tipsa politiet.

Både vitnet og føraren som er mistenkt for promillekjøring er frå Os.

Spydde og ramla

Vitnet fekk først ikkje tak i politiet, men då den mistenkte føraren i bilen framfor stoppa på ei busslomme svinge han sjølv også inn til sida.

– Føraren gjekk ut av bilen for å urinera, men ramla i bakken. Då gjekk eg bort til han og spurde om det gjekk bra. Han var i godt humør og bad sjølv om eg kunne stoppa bilen hans.

I mellomtida hadde vitnet fått tak i politiet, som ikkje var langt unna.

– Eg stoppa bilen og tok nøklane i lomma. Det låg spy i forsetet, så det var tydeleg at han ikkje var i god form.

Endra humør då politiet kom

Dei to blei ståande og prata til patruljen kom. Vitnet skal også ha fortalt at politiet var på veg utan at det øydela stemninga.

– Men då patruljen kom fram blei han heilt panisk og ville ha nøklane sine. Eg veit ikkje om han ville ha prøvd å stikka av, men eg nekta å gje dei til han.

– Så slo han plutseleg til meg, så no har eg fått meg eit blått auge, fortel vitnet.

Polititenestemennene kom til og fekk kontroll på føraren, ein mann i 50-åra.

Blir meldt

– Eg kan stadfesta at vi har tatt hand om ein mann i 50-åra frå Os, mistenkt for promillekjøring, seier Marit Espevoll, operatør i Hordaland politidistrikt.

– Det blei tatt utandingdprøve på staden og mistenkte blei tatt med for utvida blodprøve.

Vitnet seier han vil melda førar etter valdsepisoden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.