Kultur | 24. apr. 2015

Programmet er komplett

Med Morten Abel, Jace Everett og Kjell Elvis, som nettopp blei lansert, er det sterke programmet for årets Osfest komplett. Sjå alle artistane her.

Programmet er komplett
Morten Abel og Jace Everett kompletterar artistlista til Osfest 2015 (pressefoto)
Andris Hamrefredag 24. apr. 2015 16:42

Under frivilligsamlinga i Oseana fredag ettermiddag slapp Osfest-generalane Ole Reinert Berg-Olsen og Tor Egil Hylland dei tre siste artistane.

– Det er eit sterkt program med berre store artistar vi presenterer i år.

– Det er vel omtrent ikkje ein einaste artist som ikkje har vunne spelemannspris eller tilsvarande, fortalde Tor Egil Hylland før dei slapp katten ut av sekken.

Morten Abel

Morten Abel er kjend som soloartist og som vokalist i Stavanger-bandet The September When. Han fekk sitt gjennombrot med bandet Mods på byrjinga av 1980-tallet.

Han har vunne fire Spellemannprisar som soloartist, mellom anna Årets spellemann for 2001 og heidersprisen for 2014.

Morten Abel slapp i byjinga av mars det første norskspråklege soloalbumet «I fullt alvor». Albummet er produsert av Odd Nordstoga.

Abel speler fredag kveld på Osfest.

Jace Everett

Jace Everett sto òg på programmet for Osfest i fjor, men måtte av personlege årsaker melda avbod.

– I will be over to see you as soon as possible, forsikra Everett i ei videohelsing då han måtte melde forfall i fjor.

No kjem han og står på scena laurdag.

Jace Everett er ein amerikansk country- og bluesmusikar. Han er mest kjend for kjenningsmelodien «Bad Things» frå TV-serien True Blood.

Kjell Elvis

Kjell Elvis, egentlig Kjell Henning Bjørnestad, er noregs framste Elvis-imitator. Han er den einaste fulltids profesjonelle Elvis-imitator i Skandinavia.

Han blei kåra til Europas beste Elvis-imitator i ein konkurranse i 2006 og fekk tredjeplass i verdsmeisterskapet for Elvis-imitatorar same år.

– Kjell Elvis kjem til å gjera ei greie i VIP-teltet. I tillegg blir han konferansier på hovudscena, fortel Hylland.

Full produksjon

Hylland fortel at lista ligg minst like høgd i år som i fjor.

– Produksjonen blir lik som i fjor, med same scene og storskjermar.

– I tillegg blir det ein live-feed til VIP-teltet og ei rekkje andre endringar for å løfta festivalen ytterlegare.

Komplett program

Nedanfor finn du alle artistane som skal opptre på Osfest 2015 (oversikta er ikkje nødvendigvis rekkjefølgjen artistane kjem på scenen).

Fredag

VIP-teltet
Håvard Skåthun

Scenen
Elg
Elvira Nikolaisen
Halvdan Sivertsen
Gabrielle
Morten Abel

Laurdag

Christine Sandtorv (barnekonsert i Oseana)

Festivalcruise
Terje Frigaard

VIP-teltet
Kjell Elvis
Twang Gang
MK'S Marvellous Medicine
Terje Frigaard

Scenen
Bendik Brænne
Monica Heldal
Jace Everett
Kurt Nilsen
deLillos

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.