Kultur | 16. juli 2017

Publikumsrekord for Tysnesfest

Måtte avlysa Alan Walker, men har likevel mykje å gleda seg over.

Publikumsrekord for Tysnesfest
Festivalsjef Sigvard Madsen under Tysnesfest laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. juli 2017 17:16

Stjerneskotet Alan Walker frå Fana, som var første norske artist til å passera ein halv milliard avspelingar av si eiga låt på Spotify, og første norske artist til å passera ein milliard avspelingar på YouTube, skulle utgjera finalen under årets Tysnesfest.

Sånn gjekk det ikkje. Først måtte festivalen utsetja dei siste artistane grunna sterk vind, så avlyste dei sistemann.

– Det var veldig kjipt, både for oss, Alan Walker og - ikkje minst - publikum. Dette skulle vore ein stor finale, med ein stor artist og rikeleg med pyro, men tryggleiken kjem først, seier festivalsjef Sigvard Madsen til Midtsiden.

Eit tre velta over vegen på Håheim og ein større båt hadde problem med fortøyingane i hamna. Ingen blei skadd då vinden sto på som verst, men den siste av ei lang rekke artistar måtte altså avlysast.

• Sjå bildeserie frå Sandra Lyng-konserten og livet i hamna på dagtid laurdag

Fint vêr og publikumsrekord

– Samla sett har vi likevel vore heldige. Vêret har vore fint frå torsdag til laurdag, med unntak av desse sist timane rundt midnatt. Også i dag, når folk har rigga ned, har det stort sett vore varmt og fint.

Publikumstalet kan arrangørane òg gle' seg over.

– Vi har ikkje det endelege talet, men det som er sikkert er at vi, for første gong, har passert 30.000 besøkande.

OPPDATERT: Ny publikumsrekord er 32.233!

Fredag var det, for første gong på ein fredag, utselt med 7.200 på hovudscenen Gjerstad. Laurdag blei det lagt ut 300 ekstrabillettar, også desse blei selt.

– I tillegg har det vore 2500 på Sivert Høyem på Tysnessåta og fullt hus på småskalaarrangementa. Vi gler oss over at vi klarer å laga den breiddefestivalen og den folkefesten for heile familien som vi prøver å laga, seier Madsen.

Vellykka regelendring i hamna

Før festivalstart varsla arrangørane at det i år ikkje nytta å nøya seg med hamneavgift for å sitja i båten og vera gratispassasjer på folkefesten. Alle med båt, og alle i båten, måtte ha festivalpass.

Hamna var, grunna nye forskrifter, redusert frå 500 til 400 plassar - samtidig som vakthald og kontroll var oppgradert.

– Samla sett fungerte det bra - vi hadde 150 færre båtar enn i fjor, men likevel ei kraftig auke på samla publikumstal.

– Men reglane var kanskje litt vanskelege å forstå, så vi vil prøva å forenkla dette, og formidla det tydelegare, til neste år, seier Madsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.