Lokal | 17. mai 2017

«Pynta» Undino natt til 17.

Fleire dorullar er slengt over skulpturen i rundkøyringa i Os sentrum.

«Pynta» Undino natt til 17.
Sånn såg det ut i rundkøyringa i Os sentrum onsdag morgon. (Lesarbilde/tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. mai 2017 07:40

Ifølgje operasjonssentralen i Vest politidistrikt har det vore ein 16. mai utan bråk eller tull i Os.

Noko lettare hærverk ser det likevel ut til å ha vore.

Eit bilde Midtsiden fekk tilsendt klokka 6.40 onsdag morgon viser at nokon har «pynta» i rundkøyringa i Os sentrum.

– Russen som tulla seg, skriv innsendar.

Årets hovudprosesjon går ikkje gjennom rundkøyringa i år, men inn Brugata etter først å ha gått opp Finnebrekka og vidare via Lurane.

Vi reknar likevel med at dorullane vil bli prioritert å bli fjerna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.