Sport | 03. juni 2017

Rafael matchvinnar i Førde

Full pott til Os på bortbane.

Rafael matchvinnar i Førde
Rafael Villén, her etter skåring mot Fjøra tidlegare denne sesongen, sette inn 0-1 i 49. minutt i Førde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. juni 2017 15:07

Førde - Os 0-1 (0-0)
– spelarar og kampfakta nedst i artikkelen.

Os var serieleiar etter sesongens tre første rundar. Så kom fire tap på rad før dagens bortekamp.

– Det var utruleg deilig med siger i dag, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.

Kampen gjekk mot Førde, som spelte i 2. divisjon i fjor, men som rykte ned som svakaste lag i avdelinga og som berre hadde tatt 5 poeng på dei første 7 rundane i år.

Vertane opna best

– Førde var mest på hogget i starten av kampen. Dei skapte ikkje noko særleg med sjansar, men dei vann dei fleste andreballane og vi fekk ikkje til spelet vårt.

Men så skal Os ha tatt over og funne flyten, men skåringane let venta på seg.

Det sto 0-0 til pause.

– Skulle punktert kampen

Fire minutt ut i 2. omgang sette Rafael Villén inn 0-1 til Os etter pasning av Erik Kanestrøm.

– Det var eit fint angrep som enda med at Kanestrøm la inn langs bakken, mellom stopparane og keeper, og der kom Rafael på eit bra løp og skaut ballen i mål.

– Det var på høg tid, vi hadde to-tre kjempesjansar før skåringa kom, og burde punktert kampen lenge før.

Stillinga sto seg kampen ut.

– Vi hamna veldig bakpå i slutten av kampen. Det kunne sjå ut som om gutane ville sikra sigeren, noko som i grunnen aldri er lurt. Heldigvis sto vi imot trykket frå Førde, heldt nullen og sikra tre viktige poeng.

Os har no 10 poeng etter 8 rundar og ligg likt med Stord og Spjelkavik, 2 poeng bak Brann 2 og 3 poeng bak Varegg og Fyllingsdalen, som alle tre har spelt éin kamp mindre.

Neste motstandar for Os er Brann 2 på heimebane førstkomande søndag.

Olis på topp - Brennan ut med skulderskade

Ole Martin Lekven Kolskogen, som nyleg blei tatt ut på G16-landslaget, blei flytta fram i si opprinnelege rolle, som spiss frå start i dagens kamp.

– Det gjekk bra. Han fekk seg nokre halvsjansar før vi måtte ta han tilbake i midtforsvaret.

Biko Brennan blei skadd i skuldra og måtte ut.

Skadesituasjonen i Os-troppen var i ferd med å betra seg, men ved sidan av dei langtidsskadde Sander Kvittingen, Øystein Takle Eide og dei to keeperane (Kasper og Thomas), er Anders Havsgård no ute etter ankelskade frå Os 2-kamp tidlegare i veka - og no også Brennan.

– Vi veit førebels ikkje om skuldra var ute av ledd, eller kor alvorleg det er, og håper Brennan er snart tilbake, seier El Fakiri.

Os sitt lag mot Førde:
Andrew Todd (keeper)
Endre Brenne (HB), Divaldo Cardoso (MS), Biko Brennan (MS), Glenn Krossøy (VB).
Torgeir Lunde (SM), Rafael Villen (SM).
Torkel Hjertnes (HK), Erik Kanestrøm (VK),
Marius Mikkelsen (S), Ole Martin L. Kolskogen (S)
Byte: Christoffer Hafsås inn for Brennan (63.), Knut Spangelo Haga inn for Brenne (80.) og Enrique Crespo Søvik inn for Mikkelsen (81.).
Gule kort, Os: Divaldo Cardoso og Rafael Villén.
TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.