Sport | 18. juni 2017

Rafael med nok ei avgjerande skåring

Os tok poeng borte mot Herd i dag.

Rafael med nok ei avgjerande skåring
Rafael Villén skåra avgjerande mål i tredje kamp på rad. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. juni 2017 16:26

Rafael Villén, som har vore matchvinnar i to kampar på rad, sette inn Os sitt einaste mål i dagens bortekamp.

Målet kom på retur på straffe av Erik Kanestrøm.

– Erik var av banen då vi fekk straffe nummer to. Rafael tok straffen, trefte tverrligger og heada sjølv inn returen. Ingen var borti ballen i mellomtida, dermed tel det som to touch og skåringa blei ikkje godkjent, fortel Hassan El Fakiri.

– Som å tapa to poeng

Klokka 8 søndag morgon gjekk flyet frå Flesland, klokka 16 starta Os sin bortekamp mot Herd.

Herd hadde to færre poeng enn Os før dagens tiande serierunde, men har slått Fyllingsdalen, tapt 4-3 for Lysekloster og spelt uavgjort mot både Sotra og Varegg.

– Det er greit at vi tok poeng, men vi er skuffa. Vi brukte rett nok 20 minutt på å koma i gang, men etter at vertane tok leiinga var det berre eitt lag på banen, meiner El Fakiri.

– Vi spelte fint og skapte mykje og det kjennest ut som om vi tapte to poeng i dag. Men vi tar med oss måten vi spelte og dominerte kampen på, held vi fram som dette skal vi plukka bra med poeng framover, seier Hassan, som var siste innbytar og fekk seg 20 sekund på banen då Brenne ville ut rett før slutt.

Møter botnlag på heimebane

Os ligg framleis på 8. plass på tabellen, men er med 14 poeng berre 2 bak Sotra og Stord og 5 bak Varegg på 3. plass.

Neste kamp går heime mot botnlaget Haugesund 2 måndag om ei god veke.

Haugesund 2 tapte i går 6-0 for Brann 2.

Herd - Os 1-1 (1-0)
Målskårar, Os: Rafael Villén
Os: Andrew Todd - Endre Brenne (HB), Divaldo Cardoso (MS), Ole Martin Kolskogen (MS), Knut Haga (VB) - Torgeir Lunde (SM), Rafael Villen (SM) - Torkel Hjertnes (HK), Erik Kanestrøm (VK) - Christoffer Hafsås (S), Marius Mikkelsen (S).
Innbytarar med speletid: Enrique Crespo Søvik for Hafsås (57.), Steffen Ljosheim for Kanestrøm (70.), Biko Brennan for Hjertnes (83.) og Hassan El Fakiri for Brenne (90.)





Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.