Sport | 11. mars 2018

Ramla frå VM-gullet

Sverre Lunde Pedersen låg an til å bli suverén. Etter å ha ramla reiste han seg, slo Sven Kramer og sikra sølv.

Ramla frå VM-gullet
Sverre Lunde Pedersen hadde det i si hule hand, men hekta og fall frå VM-gullet (foto: Ørjan Håland)
Andris Hamresøndag 11. mars 2018 15:33

Settinga var klar før siste par med Sverre Lunde Pedersen og Sven Kramer. Kramer måtte gå 16.14 sekund raskare enn Sverre.

– Det blir knallhardt, men eg har mykje krefter, sa Lunde Pedersen etter 1500-meteren tidlegare på søndagen.

Det såg heilt fantastisk ut for Sverre Lunde Pedersen, etter 1600 meter reiste Sverre Lunde Pedersen ifrå og låg to sekund framfor (!) Kramer.

– Kva er det Kramer driv med? Vi har aldri sett makan, kommenterte Even Wetten, NRK sin ekspertkommentator.

Aldri vore betre

Wetten analyserte før løpet formen til Sverre Lunde Pedersen.

– Han har aldri vore ein betre skøyteløper enn det han er no. Eg trur forma hans er betre no enn den var under OL.

Etter 3600 meter låg Sverre ei halv langside foran Sven Kramer. Sverre gjekk på låge 33-runder, medan Kramer låg på andre enden av 33-talet.

– Sverre går som ei klokke med rundetider han er bekvem med, kommenterte Wetten om Sverre sine runder på 32,9 ved runding 5600 meter.

– Sverre ser verkeleg ikkje prega ut. Han går berre og koser seg her.

Hekta og ramla

Men så skjedde det som ikkje skulle skje. Sverre Lunde Pedersen hekta skøyta i indre sving etter vel 6000 meter og fall. Etter eit par tre sekund nede på kne kom Sverre seg opp at.

– Det er heilt håplaust når du blir så stiv som Sverre er no, kommenterte Wetten.

Men igjen imponerte Sverre.

Han tok att Sven Kramer som hadde passert han i fallet, men klarte ikkje å gå fort nok til å slå Patrick Roest som gjekk i mål på 13.44.95. Sverre gjekk i mål på 14.00.60 og fjerdeplass på 10.000 meteren, men til sølv samanlagt.

Ein knust Sverre Lunde Pedersen sette seg ned på indre bane etter løpet.

– Han hadde fortent så mykje betre enn dette her, kommenterte Wetten.

Det var landslagstrenar Sondre Skarsli einig i.

– Han hadde sigeren i si hule hand. Det gjer veldig vondt, sa Skarsli til NRK etter løpet.

– Så bittert som du får det

Rett etter løpet fekk Sverre trøst av foreldra og kjærasten. I skiftesona etter løpet gav han ein kommentar til NRK.

– Du kan tenkje deg sjølv, svara han på spørsmålet om kva han følte no.

– Eg kunne nesten ikkje tru det hadde skjedd, kommenterte han om fallet.

– Eg skjønte eg hadde tapt og måtte berre gå det eg klarte til mål. Dette er så bittert som du får det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.