Bygde bane på påskedugnad. (Privat foto)

Rask banebygging i påskeferien

Stor dugnadsvilje på Nore Neset gjorde at idrettslaget jobba seg inn éin dag.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Før påske inviterte Nore Neset idrettslag til dugnad då graset til den nye 11-arbanen skulle rullast ut og merkast med kvite striper.

– Vi trengte i utgangspunktet berre fem personar per økt per dag, men det kom endå fleire, og enkelte blei så engasjerte at dei tok doble vakter, fortel Jan Erik Døsen, leiar for Nore Neset Fotball.

Onsdag kom det 7 personar per økt, torsdag kom det 9 på morgonvakt (kl 8 til 14) og like mange frå klokka 14 til 19. 

– Det gjorde at vi fekk gjort fleire ting, som å montera gjerde og ballfangar bak mål. Leverandørane var imponerte og sa at vi allereie er éin dag framfor skjema.

Monterer seks nye mål

Fredag blei siste dugnadsøkt før ein kort påskeferie. Måndag kjem det sand som skal utover banen, tysdag kjem gummien.

– Vi er avhengige av opphaldsvêr når vi skal ta dette utover kunsgraset. Sånn det ser ut no skal vêret bli bra.

Banelysa er ikkje ferdige. Idrettslaget skal òg skifta lampane på gamlebanen, men det blir i mai eller juni. 

–  Tysdag skal vi òg montera mål, vi har kjøpt to nye ellevarmål og fire nye femmarmål. Torsdag kjem det asfalt på det grusa området utanfor banen.

Alt skal stå klart til den store jentefotballdagen til helga.

– Eg er takksam for at så mange stlte opp og jobba så godt! seier Jan Erik.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Iskaldt comeback

24. april 2017

Alexander Heggland har ikkje spelt Norgescup på fire år. Comebacket i helga blei ei kald oppleving.

bilde-midtsiden

Vinter i april

24. april 2017

I går kom snøen, i dag kom sola - og i neste veke skal det bli minst 10 gradar varmare.

bilde-midtsiden

Spennande song og dans på Haugland

24. april 2017

Kajsa Balto tolkar norsk folkemusikk med samiske tonar i Studio E39. Kristine Nilsen Oma kjem med spesiell danseframsyning.

bilde-midtsiden

Alle vil feira 70-åringen

23. april 2017

MS Midthordland fyller 70 år i år. Kommunane Samnanger, Fusa, Tysnes og Os vil ha cruise for å feira «Dronninga av Bjørnafjorden».

bilde-midtsiden

Dyr køyring i sentrum

23. april 2017

Fekk 5350 kroner i forenkla forelegg for å køyre i sentrum natterstid. Mann herpa biler og var valdsam.